Faktaboks

Alfred Fidjestøl
Fødd
1. november 1973, Bergen, Vestland
Alfred Fidjestøl
Alfred Fidjestøl
Av /Det norske Samlaget.

Alfred Fidjestøl er ein norsk filosof, journalist og forfattar som skriv artiklar og sakprosabøker om vidt forskjellige personar og institusjonar. Skrivestilen hans er prega av knappe setningar og eit klart og lettfatteleg språk.

Bakgrunn

Alfred Fidjestøl er fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han leverte hovudoppgåva si i filosofi ved Universitetet i Oslo i 2001. I avhandlinga tolka han Hannah Arendt og Hans Jonas sine filosofiske prosjekt i lys av Martin Heidegger. Ifølgje Fidjestøl «sosiologiserer» Arendt, medan Jonas «biologiserer» filosofien til Heidegger.

Journalistikken

Mellom 2003 og 2007 var Fidjestøl journalist i avisa Klassekampen. Sidan 2013 har han vore journalist og skribent for Morgenbladet. Både som journalist og bokforfattar har han arbeidd mykje med emne som er relaterte til kultur og litteratur.

Forfattarskapen

Fidjestøl har skrive fleire bøker. I den første, Hans Jonas. Ein introduksjon (2004) byggjer han vidare på tesen frå avhandlinga si. Han skildrar både biografiske og filosofiske sider ved den tyske filosofen og syner korleis dei heng saman.

Den neste boka hans var Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle, som kom ut i 2007. I samband med Det Norske Teatret sitt hundreårsjubileum i 2013 fekk Fidjestøl oppdraget med å skrive historia til teateret. Resultatet vart boka Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013. Boka Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924 (2014) handlar om krinsen rundt Hulda og Arne Garborg då dei budde på Labråten i Asker.

Frå 2013 tok Fidjestøl del i eit forskingsprosjekt om historia til Norsk kulturråd, som munna ut i boka Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965–2015 (2015), som kom ut i tilknyting til rådet sitt 50-årsjubileum i 2015. I 2017 gav han ut biografien Nesten menneske, som handlar om sjimpansen Julius. Boka kom også som sakprosabok for unge, Som ein bror (2019).

Utmerkingar

For biografien om Per Sivle fekk Fidjestøl tildelt Ole Vig-prisen i 2008. I 2014 fekk han Sultprisen, og i 2017 fekk han Språkrådet sin språkpris.

Bibliografi

  • Innerst i hjertet har jeg min forstand. Biografien om Georg Johannesen, Samlaget, 2022)
  • Mine Kamper. Biografien om Drillo (Sakprosa, Gyldendal, 2020)
  • Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius (Samlaget, 2019)
  • Lyden av Oslo. Oslo-Filharmonien 1919-2019 (Sakprosa, Cappelen Damm, 2019)
  • Nesten menneske. Biografien om Julius (Sakprosa, Samlaget, 2017)
  • Eit eige rom. Norsk Kulturråd 1965-2015 (Sakprosa, Samlaget, 2015)
  • Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897-1924 (Biografiar og memoarar, Samlaget, 2014)
  • Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (Dokumentar og historie, Samlaget, 2013)
  • Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (Biografiar og memoarar, Samlaget, 2007)
  • Hans Jonas. Ein introduksjon (Biografiar og memoarar, Universitetsforlaget, 2004)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (3)

svarte Kjell-Olav Hovde

Nå skal det være mulig å finne fram :)

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg