Faktaboks

Anna R. Folkestad

Anna Rommetveit Folkestad

Fødd
24. juni 1983, Stord, Vestland
Anna R. Folkestad.
Av /Samlaget.

Anna R. Folkestad er barnebokforfattar og illustratør. Ho nyttar eigne illustrasjonar i nynorskbøkene sine for dei yngste.

Bakgrunn

Anna Rommetveit Folkestad er fødd i Stord i Hordaland (no Vestland). Ho gjekk på Kunstskulen i Rogaland i 2003–2004 og tok teknisk teikning ved Noroff i 2007–2008. Forfattaren har hatt oppdrag for Den kulturelle skulesekken og Nynorsksenteret i 2014–2017.

Forfattarskapen

Folkestad debuterte i 2011 med biletboka Henrik And. I 2012–2013 gav ho ut tre bøker om pingvinane Unni og Gunni, også desse biletbøker. Tanntrøbbel (2015), Krabbekrise (2016) og Plommeproblem (2017) handlar alle om duoen Besta og Bo, og er ein del av lettlestserien «Leseland». Boka Stupe-Stig (2018) er også del av denne lettlestserien.

Forfattaren vender seg til dei aller yngste lesarane, og samspelet og harmonien mellom illustrasjonar og tekst har særleg appell til denne målgruppa. Som illustratør nyttar ho sterk og klar fargebruk, og ho har eit engasjert visuelt uttrykk. Språket i bøkene er kjenneteikna av humor og livsglede, samstundes som dei tilbyr innsikt og opnar for funderingar rundt verdiar og samspel mellom individ.

Serien om pingvinane Unni og Gunni handlar om heimen, og om å vere på reise. Kvaliteten i forteljingane ligg i tydelege, talande illustrasjonar og karakterar. Samtalen mellom pingvinane er enkel, men handlinga er likevel innom store og viktige spørsmål i livet. Bøkene om Besta og Bo tek på humoristisk vis for seg kvardagsproblem og den gode kjensla av å ha ei smågal bestemor.

Utmerkingar

For boka Unni og Gunni reiser, fekk forfattaren tildelt Nynorsk barnelitteraturpris i 2012. I 2014 fekk Folkestad Kulturrådet sitt arbeidsstipend for yngre nyetablerte kunstnarar.

Bibliografi

  • Henrik And (Barnebok, Samlaget, 2011)
  • Unni og Gunni reiser (Barnebok, Samlaget, 2012)
  • Unni og Gunni malar (Barnebok, Samlaget, 2012)
  • Unni og Gunni gjer det fint (Barnebok, Samlaget, 2013)
  • Tanntrøbbel (Barnebok, Samlaget, 2015)
  • Krabbekrise (Barnebok, Samlaget, 2016)
  • Plommeproblem (Barnebok, Samlaget, 2017)
  • Stupe-Stig (Barnebok, Samlaget, 2018)
  • Ulla (Barnebok, Samlaget, 2019)
  • Visste du at...? Taco (Barnebok, Samlaget, 2020)
  • Visste du at...? Sushi (Barnebok, Samlaget, 2020)
  • Visste du at...? Godteri (Barnebok, Samlaget, 2020)
  • Byggebøll (Barnebok, Samlaget, 2021)
  • Fiskebolleboks-raketten (Barnebok, Samlaget, 2021)

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg