Faktaboks

Halvor Floden
Fødd
22. juli 1884, Trysil
Død
3. desember 1956, Elverum
Verke
Folkeskulelærar og barnebokforfattar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Torgal Olsen Floden (1853–1928) og Tea Pettersdatter Skjærholden (1856–1907).

Gift 14.9.1907 med sjukepleiar og lærar Anne Olsdatter Haugen (13.12.1876–1952), dotter til gardbrukar Ola Haugen (1853–1938) og Gjertrud Mortensdatter Langtjernåsen (1853–1923).

Halvor Floden

Halvor Floden. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Halvor Floden
Av /NTB Scanpix ※.

Halvor Floden var ein norsk forfattar og lærer, og var ein av dei ypparste barneskildrarane i norsk litteratur. Han skreiv ei rekkje bøker for barn og ungdom, nokre av desse er omsette til fleire språk.

Floden gav også ut eit par diktsamlingar og romanane Einstaka (1912), Vi har bruk for deg (1937) og Kjartan i Steinåsen (1949). Skodespela Staalboraren (1921), Gamlehagen (1931) og Gjenta frå landsvegen (1939) vart oppført på Det Norske Teatret. Han skreiv også høyrespel.

Han vaks opp i Trysil, og var frå 1905 lærar i Hernes i Elverum. Han fekk kunstnarlønn frå 1950. I perioden 1930–1956 var han formann i Norsk Bokmannslag.

Halvor Flodens barndomsminne i boka Ein fjellgard (1968) gjev eit nært og detaljert bilete av liv og naturalhushalding på Kvannbekksetra i Østre Trysil i siste del av 1800-talet. Ei anna posthum utgiving, Om folk og hendingar (2019), samlar 19 avisartiklar frå 1956 som Floden sjølv kalla overskotsmateriale fra memoarboka.

Utgjevingar for barn og ungdom

  • Brør og halvbrør (1911)
  • Fagerlia (1915)
  • Frik med fela (1917)
  • Englehatten og andre forteljingar (1919)
  • Kari Trestakk (1922)
  • Elden (1923)
  • Furuberg-Finn (1927)
  • Aust paa Kronskogen (1928)
  • I Granlia (1930)
  • Gjenta frå landsvegen (1936)
  • Mor i skogen (1939)
  • Gullfuglen (1949)
  • Vi er vener (1950)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 2. utg., 2005
  • Hagemann, Sonja: Barnelitteratur i Norge 1914-1970, 1974. Les boka her
  • Ei bok om Halvor Floden (Årbok for Glåmdalen, 1984). Med Floden-bibliografi side 81-102. Les boka her

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg