Faktaboks

Helga Flatland
Fødd
16. september 1984, Flatdal i Seljord, Telemark
Foto: Niklas Lello. Gjengitt med tillatelse fra Aschehoug.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Helga Flatland er ein norsk forfattar som har fått prisar for ungdomsromanane sine om unge norske soldatar i krig i Afghanistan.

Bakgrunn

Helga Flatland er fødd i Flatdal i Seljord i Telemark. Etter å ha fullført Skien videregående skole (2000–2003), tok ho bachelorgraden i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo (2003–2006). Frå 2006 til 2009 gjekk ho tekstforfattarlinja ved tidlegare Westerdals School of Communication (no Høyskolen Kristiania). Etter ferdig utdanning arbeidde Flatland som journalist og informasjonsrådgjevar i mellom anna Vest-Telemark Blad, i NRK Østafjells og i TV-produksjonsselskapet Monster (2009–2012) ved sidan av forfattaryrket. Sidan 2012 har ho vore fulltidsforfattar.

Forfattarskapen

I 2010 debuterte Flatland som forfattar med ungdomsromanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Det er den første boka i ein trilogi, der Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (2011) og Det finnes ingen helhet (2013) er dei to andre.

Flatland fekk mykje merksemd for Bli hvis du kan-trilogien. Her spør ho om kva rolle familie, vener og tilfeldige hendingar spelar for dei vala vi tek. Historiene om ungdomane som blir drepne i Afghanistan, er òg oppvekstromanar som handlar om å erkjenne kva som skal til for å overleve i ei krevjande ungdomstid. Kapitla og forteljarstemmene i trilogien vekslar mellom å vere på bokmål og nynorsk.

Flatland har òg gitt ut andre frittståande vaksenromanane og nokre barnebøker. I romanen Vingebelastning skriv Flatand om korleis krava våre til sjølvrealisering kan vere skadeleg for eit menneske og at lukkejaget øydelegg forholdet til dei vi er glade i. I En moderne familie skildrar ho korleis ein skilsmisse endrar relasjonane i ein familie.

Utmerkingar

For Bli hvis du kan. Reis hvis du må, fekk Helga Flatland i 2010 Tarjei Vesaas' debutantpris, Aschehougs Debutantstipend og Ungdommens kritikarpris. I 2015 fekk ho Amalie Skram-prisen. Flatland fekk i 2015 tildelt Mads Wiel Nygaards legat. For En moderne familie fekk ho Bokhandlerprisen i 2017.

Bibliografi

  • Et liv forbi (Roman, Aschehoug, 2020)
  • En moderne familie (Roman, Aschehoug, 2017)
  • Eline overnatter (Barnebok, Aschehoug, 2016)
  • Vingebelastning (Roman, Aschehoug, 2015)
  • Eline får besøk (Barnebok, Aschehoug, 2015)
  • Det finnes ingen helhet (Roman, Aschehoug, 2013)
  • Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (Roman, Aschehoug, 2011)
  • Bli hvis du kan. Reis hvis du må (Roman, Aschehoug, 2010)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg