Hopp til innhold
Karin Fossum. Foto: Arild Sønstrød / Cappelen Damm CC BY 3.0 (via mynewsdesk.com).
Karin Fossum. Foto: Arild Sønstrød / Cappelen Damm CC BY 3.0 (via mynewsdesk.com).
X
Innhald

Karin Fossum

Karin Fossum, fødd 1954, er forfattar. Ho debuterte med diktsamlinga Kanskje i morgen (1974), som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for.

Fossum har skrive fleire dikt- og novellesamlingar, men ho er mest kjend for kriminalromanane. Fleire av dei er filmatiserte: Evas øye (1995), Se deg ikke tilbake! (1996), Den som frykter ulven (1997), Djevelen holder lyset (1998), De gales hus (1999), Elskede Poona (2000), Svarte sekunder (2002) og Drapet på Harriet Krohn (2004). Fossum har òg skrive romanane Jonas Eckel (2002), Natt til fjerde november (2003), Brudd (2006), Den onde viljen (2008), Varsleren (2009), Carmen Zita og døden (2013), Helvetesilden (2014), Vi som er døde (2015), Hviskeren (2016) og Formørkelsen (2018).

Bøkene til er omsette til ei rekkje språk, og romanen Se deg ikke tilbake! er filmatisert i Italia. Fossum fekk Bokhandlerprisen, Glassnøkkelen og Rivertonprisen i 1997, Brageprisen i 2000, Cappelenprisen i 2003, The Gumshoe Award (2007), Los Angeles Times Book Prize (2007), Amalie Skram-prisen i 2013 og Rivertonprisen 2014. 

Sjå video frå NRK Skole: «Karin Fossum i Bokprogrammet», sendt 24.9.2013:


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 13.09.2018