Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Faldbakken

Knut Robert Faldbakken, fødd 1941, er forfattar og litteraturkritikar. Frå 1975 til 1980 var Faldbakken redaktør for tidsskriftet Vinduet. Han har skrive romanane Den grå regnbuen (1967), Sin mors hus (1969), som vart filmatisert i 1974, Maud danser (1971) og Insektsommer (1972), som alle er sterkt psykologisk forankra, medan Uår. Aftenlandet (1974) og Uår. Sweetwater (1976), som vart filmatiserte i 1988, er sivilisasjonskritiske romanar.
 
Adams dagbok (1978), E-18 (1980) og særleg Bryllupsreisen (1982) og Glahn (1985) har skapt debatt på grunn av den dristige behandlinga av kjønnsrolleproblematikk. Sistnemnde er ei omskriving av Knut Hamsuns Pan, med eit moderne blikk på framstillinga av mannsfiguren. Andre romanar er Bad Boy (1988), Evig din (1990), Til verdens ende (1991), Ormens år (1993), Når jeg ser deg (1996), Eksil (1997), Alt hva hjertet begjærer (1999) og Frøken Snehvit (2000). 
 
Frå og med 2000-talet har Faldbakken konsentrert seg om kriminallitteraturen med ei rekkje bøker om politibetjenten Jonfinn Valmann. Han har òg skrive barnebøker, noveller, essay og skodespel.
 
Faldbakken fekk Brages heiderspris i 2012.
 
 
Sjå video frå NRK SKole, der Knut Faldbakken og Vigdis Hjort snakkar om erotisk litteratur:
 
 


Sist oppdatert: 20.11.2014