Hopp til innhold
X
Innhald

Mona Fossdal

Mona Fossdal, grafisk formgivar og illustratør, forfattarar og lektor. Ho har illustrert og skrive fleire barnebøker. Ho blandar det visuelle og det musikalske til ein heilskap.

Mona Fossdal er fødd 13. april 1970 og vaks opp på Vaksdal i Hordaland. Sidan 1995 har ho budd i Vassenden og Førde i Sogn og Fjordane, og ho bur no i Eikefjord i Sunnfjord. Ho har hovudfag frå Kunsthøgskolen i Bergen, der ho blei uteksaminert i 1994. Frå Høgskulen i Sogn og Fjordane har ho pedagogisk utdanning, i tillegg til ei rekkje andre fag. Fossdal har stilling som avdelingsleiar i mediefag og formgivingsfag ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

Ho debuterte i 2012 med barneboka om gekkoen Arne, som drøymer om å vere ein sommarfugl. I eit intervju fortel ho at ho hadde ein idé om å lage ei bok med jungelmotiv, og at Arne blei nettopp ein gekko fordi nemninga kling så fint. På denne måten prøver ho å nytte eit heilskapsperspektiv som inkluderer både det musikalske og det visuelle når ho skal skape eit univers som barn blir inviterte inn i. Same året gav ho ut ABC-boka Bokstavene fra A til Å på Publica forlag. Der er alle illustrasjonane på ein finurleg måte sett i hop av bokstavteikn. Teknikken blir kalla kalligram.

Sidan debutåret har Fossdal gitt ut tre klokkebøker, mellom dei Klokkeboken. Lær klokken med rim! (2013). Telleboka Ingen spøk å telle til 13 og barnebøkene Den gule døren og Jimi rocker skogen kom i 2014. Ho har skrive to vrimlebøker: Fargeglade vampyrer (2016) og Bak den grønne døren (2017). I alle desse bøkene har Fossdal stått for både forteljinga, illustrasjonane og formgivinga.

 

Kjelder

E‑post frå Mona Fossdal 3.12.2019

 

Mona Fossdal, forfattarside, forfattarar.sfj.no: https://forfattarar.sfj.no/mona-fossdal/ [lesedato 21.11.2019]

Magnar Riveland: «Gekkoen som så gjerne ville fly», intervju i Sandnesmagasinet nr. 2/2012, monafossdaldesign.files.wordpress.com: https://monafossdaldesign.files.wordpress.com/2012/12/sandnesmagasinet-nr-2-2012.pdf [lesedato 25.11.2019]

 

Peikarar

Det Norske Akademis ordbok: «kalligram», naob.no

Bloggen til Mona Fossdal, monafossdaldesign.files.wordpress.com

Først publisert: 23.06.2020
Sist oppdatert: 05.08.2020