Hopp til innhold
X
Innhald

Nikolaj Frobenius

Nikolaj Frobenius, fødd 1965, er ein forfattar som brukar gode, flytande språkbilete. Han gav ut prosatekstsamlinga Virvl i 1986 og romanane Den unge Villiam Oxenstiernes lysende kjærlighet i 1989 og Helvetesfabel i 1991.
 
Romanen Latours katalog (1996) vart det store gjennombrotet. Vidare kom romanane Den sjenerte pornografen (1999), Andre steder (2001), Det aller minste (2003), Jeg skal vise dere frykten (2008) og Teori og praksis (2004), ein "løgnaktig" sjølvbiografi.
 
Frobenius har òg skrive fleire filmmanuskript, til dømes Insomnia (1997) og En folkefiende (2005). Frobenius var redaktør for tidsskriftet Vinduet  i perioden 1998–2001 og filmkonsulent i Norsk filmfond i åra 2005–2008. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 19.11.2014