Hopp til innhold
Signy Fardal. Foto: Truls Qvale. Nytta med løyve for Allkunne.
Signy Fardal. Foto: Truls Qvale. Nytta med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Signy Fardal

Signy Fardal, journalist, redaktør og rådgivar. Ho markerte seg tydeleg i norsk motepresse som redaktør for den norske utgåva av motemagasinet Elle i 20 år og fekk Nynorsk redaktørpris for å sleppe nynorsk til på redaksjonell plass i magasinet.

Signy Fardal er fødd 29. august 1961 i Sogndal i Sogn og Fjordane, der ho òg vaks opp. Ho studerte ved Universitetet i Oslo i 1981–85, der ho tok ex.phil., grunnfag i sosiologi og grunnfag i massekommunikasjon.

Fardal var redaksjonssjef i universitetsavisa Universitas i 1981–82, redaktør i Ungsosialisten i 1981–83 og nyhenderedaktør i RadiOrakel i 1982–84. Ho arbeidde som journalist i Dagbladet i 1983–86.

Frå 1986 til 1997 var Fardal journalist og deretter redaksjonssjef i avisa Dagens Næringsliv. Så arbeidde ho eit år som kommunikasjonsrådgivar i Geelmuyden.Kiese, før ho blei sjefredaktør då den norske utgåva av motemagasinet Elle blei starta i 1998. Der blei ho verande i 20 år. I 2019 starta Fardal firmaet FrontRow Consulting saman med Line Uppard, og ho arbeider som partnar og rådgivar der.

Fardal er feminist, var medlem av Kvinnefronten og røysta Sosialistisk Venstreparti medan ho studerte. Ho meiner at kvinner må ta leiarposisjonar i næringslivet gjennom å vere meir ambisiøse og synlege, og at kjønnsbalansen er viktig når det gjeld likestilling.

Saman med Vendela Kirsebom og Petra Middelthon gav ho i 2008 ut fem bøker om mote, mellom anna Motens abc, Partyfikseren og Fashion bible. I 2020 gav Fardal saman med Line Uppard ut boka Helt sjef: om kvinner og ledelse og veien til toppen.

Fardal fekk Nynorsk redaktørpris i 2010 for å gjere nynorsk til eit mediespråk på mote- og interiørområdet i magasina Elle og Elle interiør.

 

Kjelder

Signy Fardal, profil, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/signy-fardal-91914919/?originalSubdomain=no [lesedato 26.11.2019]

NPK: «Nynorsk redaktørpris til Signy Fardal», lnk.no, publisert 24.10.2010: http://www.lnk.no/nyhende/1628-nynorsk-redaktorpris-til-signy-fardal [lesedato 26.11.2019]

Podkasten Skippertak: «SIGNY FARDAL – tidligere sjefredaktør i ELLE», play.acast.com, publisert 14.3.2019: https://play.acast.com/s/skippertak/11-signy-fardal-tidligere-sjefredaktor-i-elle [lesedato 26.11.2019]

 

Peikarar

Hilde Nyman: «Fardal skriver bok om kvinnelige ledere: – Vi må bli flinkere til å være synlige og tørre å stå i stormene», kampanje.com, sist oppdatert 21.6.2019

Line L. Uppard og Signy Fardal: «Kvinner må selv ta tak. Slik får vi flere kvinnelige toppsjefer», aftenposten.no, publisert 22.6.2019

Karianne Grindem og Stine Sørensen: «Signy Fardal slutter som redaktør i Elle», dagbladet.no, publisert 14.11.2018

Først publisert: 20.02.2020
Sist oppdatert: 23.02.2020