Hopp til innhold

Hulda Garborg

Hulda Garborg

Hulda Garborg, forfattar og kulturentrepenør og folkeopplysar. Hulda Garborg var med på å grunnleggja Det Norske Teatret i 1912 og var den første styreleiaren der. Ho skreiv vel 40 større og mindre bøker, var dramatikar og sceneinstruktør og gjorde stor kulturhistorisk innsats for å gjenopplive folkevisedansen og bunadtradisjonen i Noreg.

Les meir om Hulda Garborg

Olav Gullvåg

Olav Gullvåg

Olav Gullvåg, journalist og forfattar, som i heimbyen Trondheim vart lagd for hat etter å ha engasjert seg for byen sitt namnebyte til Nidaros. Seinare skreiv han manus til det som skulle verte det første og mest suksessrike sogespelet i Noreg, Stiklestadspelet.

Les meir om Olav Gullvåg

Gerhard Garatun-Tjeldstø

Gerhard Garatun-Tjeldstø, journalist og forfattar. Han fekk læretida si i Gula Tidend, arbeidde i 25 år i Bergens Tidende som fiskerimedarbeidar og teatermeldar, og han skreiv om menneske ved havet.

Les meir om Gerhard Garatun-Tjeldstø

Arne Garborg

Arne Garborg

Arne Garborg, leiande nynorsk forfattar frå siste del av 1800-talet. Romanar, dikt og essay av Garborg er framleis kanoniske verk. Han introduserte filosofiske, litterære og religiøse idear gjennom omfattande skribentverksemd, og han grunnla fleire aviser.

Les meir om Arne Garborg

Jørgen Gravvold

Jørgen Alfred Gravvold var ein folkekjær poet, visediktar og revyforfattar på Nordmøre. Mange av tekstane hans har fått eit nasjonalt publikum gjennom samarbeidet med komponisten Henning Sommerro.

Les meir om Jørgen Gravvold