Faktaboks

Ailo Gaup
Fødd
18. juni 1944, Guovdageaidnu/Kautokeino
Død
24. september 2014, Oslo
Verke
Journalist, forfatter og lærer i sjamanisme
Familie

Foreldre: Flyttsame Aslak Nils Nilsen Gaup (Nige-Niillas) (1909–2000) og flyttsame Berit Susanne Vars (Ellána-Biret) (1921–94). Samboer med Tone Bøhle (13.2.1949–).

Ailo Gaup

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Ailo Gaup
Av /NTB Scanpix ※.

Ailo Gaup var ein norsk-samisk forfattar. Gaup skildra samiske liv og kultur, og samane sin kamp for å overleve som folk.

Bakgrunn

Ailo Gaup var fødd i Kautokeino/Guovdageaidnu i Finnmark og døydde i Oslo. Under andre verdskrigen vart Gaup, som mange andre i Finnmark, evakuert og send sørover. Sju år gamal vart han sendt i fosterheim i Larvik, der han vaks opp.

Gaup arbeidde ei tid som journalist i Aftenposten. I løpet av denne tida reiste han attende til Finnmark på reportasjereise. Han flytta seinare attende til Finnmark ein periode i vaksen alder. Han budde i Kautokeino, Karasjok/Kárášjohka og i Samisk kunstnerkollektiv i Máze.

Forfattarskapen

Gaup debuterte som lyrikar i 1982 med diktsamlinga Joiken og kniven, følgd av samlingane I Stallos natt (1984) og Under dobbel stjernehimmel (1986), og dessutan romanane Trommereisen (1988) og Natten mellom dagene (1992). Romanen Trommereisen og den frittståande fortsetjinga Natten mellom dagene skildrar møte mellom det moderne samfunnet og den samiske mytiske naturoppfatninga knytt til kunnskapen til noaidane. Romanane er omsette til engelsk, tysk, fransk og polsk. I tillegg skreiv han fagbøkene Sjamansonen (2005) og Inn i naturen (2007).

Anna engasjement

Gaup var med på etableringa av Beaivváš Sámi Teáhter i 1981 og har skrive teksten til musikalen Våre vidder/Min duoddarat (1983) og skodespelet Gullspråket (1990).

Utgjevingar

Romanar

  • Trommereisen (1988)
  • Natten mellom dagene (1992).

Poesi

  • Joiken og kniven (1982)
  • I Stallos natt (1984)
  • Under dobbel stjernehimmel (1986)

Prosa

  • Sjamansonen (2005)
  • Inn i naturen (2007)

Scene

  • Min duoddarat (Våre vidder) (1983) – tekst til samisk musikal.
  • Gullspråket (1990) – skuespill.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Ove Pettersen

Den siste setningen: "Han har også laget mange lydopptak med samiske tekster og musikk." Dette gjelder neppe forfatteren Ailo Gaup. Det er sannsynligvis en misforståelse, idet utsagnet passer perfekt på Ingor Ánte Áilo Gaup, se:http://no.wikipedia.org/wiki/Ingor_%C3%81nte_%C3%81ilo_Gaup

svarte Kjell-Olav Hovde

Takker for innspill! Jobber med å få på plass fagansvarlig for samisk litteratur nå :)Hilsen Kjell-Olav

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg