Hopp til innhold
Astrid Grønsnes. Fotokjelde: Samlaget. Nytta etter avtale.
Astrid Grønsnes. Fotokjelde: Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Astrid Grønsnes

Astrid Grønsnes, forfattar og pensjonert logoped frå Ullensvang i Hardanger. Ho har skrive barnebøker som hjelper på språktreninga, og ei spennande bok om eple.

Astrid Grønsnes er fødd 30. oktober 1947 i Odda og bur på Aga i Ullensvang kommune i Hardanger. Ho gjekk ut frå Odda gymnas i 1966, vart uteksaminert frå lærarutdanninga i Bodø i 1969, har studert kunsthistorie og spesialpedagogikk og tok logopedieksamen i Bergen i 1994. Grønsnes har arbeidd som lærar og logoped i Ullensvang og er no pensjonist.

Ho debuterte med Epleboka i 1993. Boka kom i nytt opplag året etter, og i 2002 kom ho ut i ny versjon med ny tittel: Den store epleboka. Saman med Sara Grethe Eitrheim gav Grønsnes her svar på alt ein kunne lure på når det gjaldt eple, frå historikk og artsinndeling til dyrking og matoppskrifter – og eplet i kunsten. Til og med «epleaktivitetar» hadde eit eige kapittel. Boka var illustrert av Anna Aakre Kråkevik og Arnhild Bleie.

I 2006 gav Grønsnes ut barneboka Fotballen på fatet, ei bok full av ordleik, illustrert av Anna Fiske. Fire år etter, i 2010, kom barneboka Raude, ville geiter, også den på Det Norske Samlaget. Stina Langlo Ørdal var illustratør. Begge desse bøkene har tema som er relaterte til arbeidet hennar som logoped.

Grønsnes stod saman med Johild Mæland, begge frå kunstgruppa i Agatunet, bak ideen om eit kunstmuseum på Smelteverkstomta i Odda, med hovudvekt på fotografen Knud Knudsen (1832–1915), som var frå Odda. Forprosjektet til eit Knud Knudsen-museum var ferdig våren 2019. Det vidare arbeidet er no knytt til Kraftmuseet i Tyssedal.

Grønsnes er aktiv i bygdelagsarbeid og har vore med i kunstgruppa i Agatunet sidan starten i 1992.


Kjelder

E‑post frå Astrid Grønsnes 6.12.2019

 

Astrid Grønsnes, forfattarside hos Samlaget, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/astrid-gronsnes [lesedato: 25.11.2019]

Jangens blogg (Jan Gravdal): «Knud Knudsen kjem heim», oddajangen.wordpress.com https://oddajangen.wordpress.com/2018/06/15/knud-knudsen-kjem-heim/ [lesedato 4.12.2019]

 

Peikarar

Astrid Grønsnes: Epleboka. Tilgjengeleg hos Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 12.06.2020
Sist oppdatert: 12.06.2020