Hopp til innhold
X
Innhald

Beate Grimsrud

Beate Grimsrud, fødd 1964, er forfattar og bur i Sverige. Ho debuterte med novellesamlinga Det fins grenser for hva jeg ikke forstår, som først kom ut på svensk, før ho vart gitt ut i Noreg i 1990. Vidare har Grimsrud skrive romanane Continental heaven (1993), Å smyge forbi en øks (1998) og Hva er det som fins i skogen barn (2002).
 
Ho fekk Kritikarprisen for En dåre fri i 2010, og romanen vart òg nominert til Nordisk Råds litteraturpris både frå Sverige og Noreg. Grimsrud har òg skrive barnebøker og manuset til filmen Ballen i øyet (2000).


Sist oppdatert: 20.11.2014