Hopp til innhold
X
Innhald

Claes Gill

Claes Daniel Gill, poet, skodespelar og teaterinstruktør, var ein sentral person i norsk kulturliv rundt midten av 1900-talet. Han skreiv berre to diktsamlingar, som til gjengjeld er blitt ein viktig del av den norske litterære kanon.

Claes Gill var fødd 13. oktober 1910 i Odda og døydde 11. juni 1973 i Oslo. Han voks opp i Bergen og seinare i Eydehavn i Arendal kommune, men flytta i 1925 til Oslo. Han byrja då på Ris skole, der han tok examen artium i 1928. I åra etter levde Gill eit omflakkande liv. Han reiste mellom anna til Sverige, Danmark, Sør-Amerika og Nord-Amerika.

Då han kom heim, arbeidde han eit år som huslærar på Modum (1937) og var ein periode korrekturlesar i Dagbladet (1938–39). I 1945–46 var Gill teatersjef ved Studioteateret i Casino i Oslo. Seinare var han sjef for Rogaland Teater (1952–56), og i åra etter arbeidde han som skodespelar og teaterinstruktør og var i tillegg ein mykje brukt poesi-opplesar.

Som forfattar debuterte han i 1939, med den vesle diktsamlinga Fragment av et magisk liv. Oppfølgjaren Ord i jærn, som kom i 1942, blei òg den siste boka hans. Med desse to små diktsamlingane er ikkje Gills lyriske produksjon stor reint kvantitativt, men kvaliteten på samlingane er det liten strid om.

Gill både spela i og sette opp fleire teaterstykke. Han var òg filmskodespelar, mellom anna hadde han hovudrolla som biskop Sigurd Helmer i Herren og hans tjenere (1959), han spela Tim Ruud i Det brenner i natt! (1955) og rikskanslar Bjelke i An-Magritt (1969), alle av same regissør, Arne Skouen.

Gill omsette sjølv fleire av teaterstykka han sette opp.

Foto av Rolf Berntzen, Pelle Christensen og Claes Gill i teaterstykket «Vildanden» i 1967. Foto: Municipal Archives of Trondheim/Tronheim byarkiv, Flickr.com CC BY 2.0.

Foto av (f.v.) Rolf Berntzen, Pelle Christensen og Claes Gill i teaterstykket «Vildanden» i 1967. Kjelde: Municipal Archives of Trondheim/Tronheim byarkiv på flickr.com. CC BY 2.0.

Frå fattigkar til kulturell kapital

I Odda voks Claes Gill opp utan far, men då mora gifta seg med ingeniør Leif Gill, flytta dei til Arendal, der Claes hadde privatlærarinne ute på Buøya, før han byrja på folkeskulen i Eydehavn i 1921. I 1925 døydde mor til Claes, og saman med stefaren flytta han til Oslo, der han tok til på reallinja på Ris skole og tok examen artium i 1928. I løpet av desse åra hadde forholdet til stefaren endra seg, og allereie same året ville Gill vidare ut i verda.

Han mønstra då på skipet «Theodore Roosevelt», med kurs for Amerika. Mot slutten av 1928 var han innom Noreg, men sette snart kursen mot Sverige og Danmark, før han igjen reiste attende til både Sør- og Nord-Amerika – ei reise som prega han djupt både som forfattar og som menneske. Gill levde mellom anna som boms i Montevideo i Uruguay, og seinare oppheldt han seg lenge i New York, der han mellom anna arbeidde som pikkolo, heisførar og fyrbøtar på Hotell Sutton, under leiing av forfattaren Nathanael West. Hotellet var ein samlingsstad for fattige forfattarar og litteratar, og trass i at Gill enno ikkje hadde gitt ut bok, omtalte innehavaren Gill som «the Norwegian poet». I 1933 oppdaga amerikanske styresmakter at Gill ikkje hadde visum for lovleg opphald i landet, og han blei send attende til Noreg.

Etter at han kom til Noreg igjen, budde Gill nokre år i Bergen, i Fana og på Sotra, der han byrja å skrive på debutsamlinga Fragment av et magisk liv. Han flytta snart til Oslo, og levde der i fleire år utan fast bustad. Om ikkje eksilerfaringa var nok til å gi Gill truverde i bohemrolla – som han seinare kom til å omfamne og spele ut i dei høgare kulturlaga i hovudstaden – så hjelpte livet som omflakkande uteliggjar utvilsamt på. Gill hadde ikkje mykje pengar medan han skreiv seg fram som lyrikar.

Dei to diktsamlingane hans gav han likevel ein posisjon i kulturlivet, og i 1943 gifta han seg og fekk nytt husvære i Gyldenløves gate på Frogner, og samstundes innpass i den norske borgarskapen. Det blei ikkje meir av diktinga, og resten av livet konsentrerte Gill seg om teateret, der han både sette opp og spela i mange stykke. Mellom anna spela han rolla som dr. Stockmann i Henrik Ibsens En folkefiende og Jeppe i Ludvig Holbergs Jeppe på bjerget i 1953. Han dramatiserte òg Alexander Kiellands Skipper Worse og sette elles opp – mellom mange fleire – Eugene O’Neills Sorgen kler Elektra, Paul Claudels Dagen vender, i tillegg til fleire stykke av Ibsen. Gill hadde òg fleire filmroller, og scenelyset kledde godt den tidlegare poeten, som hadde ein tydeleg hang til sjølvmytologisering og rollespel.

Klassisist og modernist, symbolist og romantikar

Poesien til Claes Gill må seiast å vere uvanleg, sjølv om han utvilsamt kviler tungt på tradisjonen. Uvande norske ord og reine framandord, uvand ortografi og overraskande utropsteikn og skiljeteikn – alt dette er komponentar i diktinga hans. Likevel taler, eller snarare syng, dikta hans tydeleg til den som les, og gir lesaren høve til å kaste nye blikk, ikkje berre på den ytre verda, men òg på den indre. I denne tydinga er Gills poesi visjonær, og synssansen spelar ei viktig rolle i dikta hans, reint tematisk, og som ein reiskap til å fange livsverda så vel som tankeverda.

Gill er blitt lesen som klassisist, men òg som ein tidleg modernist, og dei ulike lesingane er blitt utfordra frå fleire kantar. Det er i det heile mange litteraturhistoriske retningar ein kan knyte til Gill – modernisme, klassisisme, symbolisme og romantikk. Kanskje er det best å la dikta tale for seg sjølv, og ikkje streve for hardt etter å setje dei i bås. For trass i at Gills poesi – for ikkje å seie livet hans, med heimløyse, foreldreløyse, og eksilerfaring – utan tvil har noko modernistisk ved seg, verkar han snarare som ein visjonær og melankolsk grublar enn ein desillusjonert og framandgjord modernist.

Franske symbolistar som Jules Laforgue og Arthur Rimbaud, i tillegg til Friedrich Hölderlin – som Gill òg omsette dikt av – og William Butler Yeats, kan nemnast som inspirasjonskjelder for Gill. I den norske lyrikkhistoria er Gill sjølv blitt ei inspirasjonskjelde, mellom mange andre for den unge lyrikaren Kjartan Fløgstad og for den norske poesinestoren Jan Erik Vold.

I 1988 gav Kjartan Fløgstad ut biografien Portrett av eit magisk liv. Poeten Claes Gill. Boka var eit oppgjer med ei kulturkonservativ forståing av Gills liv og dikt – mellom anna slik det kjem til uttrykk i Asbjørn Aarnes’ I store linjers riss. Claes Gill (1973) og antologien Claes Gill – i skiftende perspektiv (1992), redigert av Lars Roar Langslet og Geir Flikke. Claes Gills ettermæle er blitt eit døme på korleis den norske kulturhistoria kan tolkast på ulike måtar.

Kjelder

Kjartan Fløgstad: Portrett av eit magisk liv. Poeten Claes Gill. Oslo 1988

Henning Hagerup, «Flyktende ungdom», i Vinternotater. Oslo 1998

«Claes Gill» i Norsk biografisk leksikon, henta frå snl.no: https://nbl.snl.no/Claes_Gill [lesedato 7.1.2016]

Peikarar

Claes Gill les Andreas Jacobsens (Ajax) «De små armane» i NRK

Claes Gill les «Morgen ved havet» i 1948

Først publisert: 26.02.2016
Sist oppdatert: 14.10.2019