Hopp til innhold
Heikki Gröhn. Fotokjelde: Samlaget. Nytta etter avtale.
Heikki Gröhn. Fotokjelde: Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Heikki Gröhn

Heikki Gröhn er lyrikar, barnebokforfattar og omsetjar. Han har skrive haikuliknande kortdikt for vaksne og biletbøker for barn. I tillegg er han omsetjar av fagbøker.

Heikki Gröhn er fødd 13. september 1949 i Bergen og er busett i Oslo. Frå 1979 til 1982 var han student på medielinja ved Høgskulen i Volda.

Gröhn har hovudsakleg arbeidd frilans som korrekturlesar, språkvaskar og faglitterær omsetjar for ulike forlag. Han var redaktør i Kulturradioen (i dag Radio 1) i Oslo frå 1982 til 1983. I 1985 var han redaktør for filmtidsskriftet Z, og frå 1998 til 2000 manusredaktør i Tiden Norsk Forlag. Frå tidlegare har han røynsle både som trikkeførar og sosialarbeidar. I 1975–76 var han sekretær i Norsk Forfattersentrum Vestlandet. I 2005 etablerte han Splendid Forlag.

Gröhn debuterte i 1969 som lyrikar i antologien Åtte fra Bergen, under kunstnarnamnet heikki heikki. Han solodebuterte med diktsamlinga DANS i 1971. Sidan kom fleire samlingar, mellom dei Eg var ein hemmelig desperado (1987). Som heikki heikki har han mellom anna gitt ut kortdiktsamlingane svanene / så kvite / så svarte (2005) og avtalen frå den gong / skal den vere gyldig / no (2014). Gröhn kallar desse haikuliknade kortdikta fliser.

I 2005 kom den første forteljinga for barn, biletboka Mika blir gått ifrå. Med den innleidde han eit samarbeid med illustratøren Akin Düzakin. Saman har dei gitt ut fleire biletbøker om karakteren Mika, der barn sine kjensler er eit sentralt tema. Gröhn har omsett ei rad utanlandske fagbøker om psykologi til norsk, mellom dei Normbrytende atferd hos barn. Hva sier forskningen? (2007), av dei svenske psykologane Henrik og Anna-Karin Andershed.

 

Kjelder

E‑post frå Heikki Gröhn 28.5.2019

 

Heikki Gröhn, forfattarside, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/heikki-grohn [lesedato 15.12.2019]

 

Peikarar

Bibliografi på Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Finn Bjørn Tønder: «heikki heikki er tilbake», bt.no, publisert 12.10.2005

Først publisert: 30.10.2020
Sist oppdatert: 30.10.2020