Hopp til innhold
X
Innhald

Martine Grande

Martine Grande, forfattar, illustratør og animatør med eit fargerikt og leikent formspråk. Ho lagar biletbøker for barn på nynorsk. Nokre av bøkene finst også som animasjonsfilmar.

Martine Grande er fødd 8. februar 1985 og er ein norsk barnebokforfattar, illustratør, animatør og filmskapar. Grande voks opp i Lierne i Nord-Trøndelag, har ein bachelorgrad i animasjon frå Høgskulen i Volda i 2007 og bur no i Oslo, der ho driv sitt eige animasjonsselskap, Grande Produksjon.

Grande debuterte som forfattar med biletboka Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar i 2013. Deretter kom biletboka Dagen opp ned i 2015 og Leseland-boka Tapar i 2017. Bøkene hennar tek opp universelle emne, til dømes det å vere annleis eller å vere lei seg. Biletbøkene til Grande er lett attkjennelege, med ein tydeleg strek og klare fargar. Stipla strekar og bokstavtrådar gir rørsler til karakterane i bøkene. Ho har sjølv laga filmar og skrive teatermanus basert på bøkene.

Som filmskapar har Grande vore manusforfattar, regissør, produsent og har stått for animasjon, klipp og design. Debuten hennar som filmskapar var eksamensfilmen frå Høgskulen i Volda. Animasjonsfilmen Mein Stampf or the Danceshow of the Last Century (2007) inneheld dansande SS-soldatar og ein Hitler-liknande karakter og var ein suksess på internasjonale filmfestivalar. I 2009 var Grande animatør for komiserien Fanthomas. Året etter filmatiserte Grande Kari Stai si biletbok Jakob og Neikob og vidareførte den leikne visuelle stilen til Stai. I 2012 kom kortfilmen Sammen, som Grande også skreiv manus til. I 2016 kom filmen Jenteloven, ein animert collagefilm som tek opp tema som femininitet, diskriminering, mytar og makt.

Kjelder

Meldingar frå Martine Grande, i Messenger, 11.1. og 16.1.2018

Hanne Dale: «Vintertankar i trygge rammer». Bokmelding av Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar, på barnebokkritikk.no: http://www.barnebokkritikk.no/vintertankar-i-trygge-rammer/#.WoK2pOjOVaQ [lesedato 13.2.2018]

Heidi Sævareid: Så rart å være flaggermus. Bokmelding av Dagen opp ned, på barnebokkritikk.no: http://www.barnebokkritikk.no/sa-rart-a-vaere-flaggermus/#.WoK2BOjOVaQ [lesedato 13.2.2018]

Martine Grande, forfattarprofil på Det Norske Samlaget, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/martine-grande [lesedato 13.2.2018]

Martine Grande, profil i databasen til Foreningen for animert film, norskanimasjon.no: http://www.norskanimasjon.no/ffaf/search.sp;jsessionid=256109EBDBB76EDFC6845E8586FD640E?query=grande [lesedato 13.2.2018]

Omtale av filmen Kakerlakken med den stygge frakken … på Vestnorsk filmsenter, vestnorskfilm.no: http://www.vestnorskfilm.no/?option=com_agmoviebase&view=project&Itemid=236&id=55 [lesedato 13. februar 2018]

Omtale av filmen Jenteloven på Vestnorsk filmsenter, vestnorskfilm.no: http://www.vestnorskfilm.no/?option=com_agmoviebase&view=project&Itemid=236&id=235 [lesedato 13.2.2018]

Omtale av filmen Dagen opp ned på Vestnorsk filmsenter, vestnorskfilm.no: http://www.vestnorskfilm.no/?option=com_agmoviebase&view=project&Itemid=236&id=253 [lesedato 13.2.2018]

Først publisert: 12.04.2018
Sist oppdatert: 14.11.2018