Faktaboks

Mathias Dahl Gjessing
Fødd
22. desember 1814, Kristiansand, Agder
Død
9. mai 1896, Kristiania (no Oslo)

Mathias Dahl Gjessing var jurist og ein tidleg talsmann for landsmålet. Han skreiv sentrale avisartiklar i 1850-åra, men i språkhistoria har han vore lite påakta.

Bakgrunn

Mathias Dahl Gjessing var fødd i Kristiansand i Agder og døydde i Kristiania (no Oslo). Frå hausten 1830 arbeidde han som kontorbetjent og blei i 1837 bankadvokatfullmektig. Han tok juridisk embetseksamen i 1841 med beste karakter, var ekstraskrivar i Kyrkjedepartementet frå 1838 til 1849 og så fullmektig, seinare kasserar og sekretær, i Den norske Enkekasse, ein av forløparane til Statens pensjonskasse. Frå 1873 var han òg sekretær for Pensionskassen for Statens Bestillingsmænd. Han hadde verv i fleire pensjonsføretak.

Målsak

Ivar Aasen i 1852 skreiv ein lengre artikkel om Ole Vigs nyskipa tidsskrift Folkevennen, nemnde han kort tanken om «at anlægge en aldeles norsk Sprogform», å skape eit heilt ut norsk skriftspråk. I ordskiftet som følgde, var Gjessing ein av få som forsvarte landsmålstanken. Han skreiv klart og utførleg, men dei fekk ikkje svar.

I tre lange artiklar i Morgenbladet i 1852, 1853 og 1855 og ein artikkel i Christiania-Posten i 1857 peikar Gjessing på at avstanden mellom folkemålet og det danske bokspråket er for stor, og at avstanden er ei hindring for folkeopplysning. Folkemålet måtte difor ligge til grunn for bokspråket. Oppnorsking av det danske skriftspråket såg han som urealistisk. Det ville ta for lang tid.

Han la òg fram tankar om korleis folkemålet kan bli eit skriftspråk. Det måtte lagast ei ordbok og ei språklære, språket måtte takast i bruk i folkeskrifter, og det måtte undervisast i det på lærarseminara, Universitetet og dei lærde skulane. Lærebøker måtte skrivast på folkemålet, og Bibelen måtte omsetjast. Folkemålet måtte etter kvart bli kyrkje-, skule- og rettsspråk på landet. Vona var at nasjonen med tida ville samle seg om dette målet. Eit sams skriftspråk var nødvendig for geografisk og sosial integrasjon. Språkkløyving var eit vonde.

I artikkelen frå 1857 gjorde han framlegg om ein post for Ivar Aasen ved Universitetet. I 1874 skreiv han ein artikkel i Aftenbladet om professorløn til Aasen.

Gjessing skreiv elles avisartiklar om ulike emne, om flaggsak, Wergelands skrifter, vallovgiving, myntfot, embetssegl, skatt og pensjon. Dei fleste av artiklane publiserte han i Morgenbladet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Reidar Djupedal: «Ein vendekneik i norsk målstrid. Frå ordskiftet i 1852», Arkiv för nordisk filologi. 1969
  • Hallvard Framnes: «Mathias Dahl Gjessing», Den 17de Mai 14.1.1920
  • J.B. Halvorsen: «Gjessing, Matthias Dahl», i Norsk Forfatter-Lexikon 1814–1880. Andet Bind C–H. Kristiania 1888
  • Oddmund Løkensgard Hoel: Nasjonalisme i norsk målstrid 1848–1865. KULTs skriftserie nr. 51. Oslo 1996
  • Peder Hovdan: Eit norsk Noreg. Oslo 1947
  • Ivar Aasen: «Folkevennen», i Skrifter i samling, bd. III. Kristiania og Kjøbenhavn 1912.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg