Hopp til innhold
X
Innhald

Ánte Mikkel Gaup

Ánte Mikkel Gaup, fødd 1955, er ein samisk joikar, barnebokforfattar, kulturarbeidar og språkkonsulent frå Kautokeino.

Gaup har bakgrunn frå reindrift, er utdanna lærar og arbeidde i mange år på det som i dag heiter Samisk videregående skole og reindriftsskole (Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla). Gaup har gitt ut seks lydbøker om Juffa, ein fiktiv karakter som bur på vidda og stadig opplever rare og skumle ting som han alltid bergar seg frå fordi han hugsar råda han høyrde hos dei gamle, eller han veit sjølv korleis ein ter seg i fjellet. 

Som joikar har Gaup vore med på festivalen Kalottspel og Riddu Riđđu Festivála fleire gonger og er med på CD-en Min máilmmis(1986) saman med Mari Boine og Anders Porsanger.

Først publisert: 08.11.2019
Sist oppdatert: 02.01.2020