Hopp til innhold

Alfred Hauge

Alfred Hauge er ein av dei sentrale forteljarane i etterkrigslitteraturen. Forfattarskapen hans krinsar om religiøse og eksistensielle spørsmål, og mest lesen er truleg utvandringstrilogien om Cleng Peerson (1961–1965).

Les meir om Alfred Hauge

Anders Hovden

Anders Hovden, prest, diktar og folketalar. Kristendom og norskdom var sentrale omgrep for han, som heile livet levde etter mottoet «Ver aldri redd i ærleg strid!»

Les meir om Anders Hovden

Arvid Hanssen

Arvid Hanssen, journalist, forfattar og lyrikar. Gjennom romanar, dikt og manuskript for film og scene har han løfta fram natur og levekår i Nord-Noreg, handikap og fattigdom som litterære emne. Som diktar er han påverka av Alf Prøysen.

Les meir om Arvid Hanssen

Dag Helleve

Dag Helleve, lærar, naturvernentusiast og forfattar som skriv om musikk, natur og politikk, og som har gitt ut både sakprosa og skjønnlitteratur.

Les meir om Dag Helleve

Edvard Hoem

Edvard Hoem

Edvard Arnt Hoem, ein av dei mest markante og stilsikre diktarar i Noreg, med stor og allsidig forfattarskap, ofte med politisk bodskap i dikt, dramatikk og romanar. Folketalar, gjendiktar, teatersjef, salmediktar og Bjørnson-biograf. Statsstipendiat frå 2011.

Les meir om Edvard Hoem

Gro Holm

Gro Holm, forfattar frå mellomkrigstida og den første norske kvinna av bondestand som skreiv romanar. I realistiske og halvdokumentariske bøker allierte ho seg med bondekvinnene og kritiserte romantiseringa av det gamle bygdesamfunnet.

Les meir om Gro Holm

Hans Nielsen Hauge

Hans Nielsen Hauge

Hans Nielsen Hauge, vekkingsleiar og lekforkynnar, skapte den første norske religiøse vekkingsrørsla og blei med det ein av grunnleggjarane av den lekmannskristendomen som har prega kristne miljø i Noreg like til i dag.

Les meir om Hans Nielsen Hauge

Jon Hellesnes

Jon Hellesnes

Jon Hellesnes er ein markant og nynorskskrivande filosof og essayist, som ved sida av Hans Skjervheim skal ha mykje av æra for at filosofi (og historie) er eit universitetsfag der nynorsk er mykje brukt.

Les meir om Jon Hellesnes

Kolbjørn Hauge

Kolbjørn Hauge, lærar og forfattar. Etter den skjønnlitterære debuten i 1991 har krimforteljingar frå vestlandske småbygder vorte varemerket hans. Heit juice (1993) vart kåra til beste krimroman i Norden, og for Død mann i boks (1995) fekk Hauge Rivertonprisen.

Les meir om Kolbjørn Hauge

Leif Halse

Leif Torvald Halse, teikneserieforfattar og lokalhistorikar. Han skapte teikneserien Vangsgutane, og med det blei han ein av dei mest lesne nynorskforfattarane.
Les meir om Leif Halse

Liv Holtskog

Liv Holtskog, lyrikar og bonde. Ho skreiv kristen-humanistisk modernistisk poesi med røter i natursansing, telemarkskultur og mytologi. Liv Holtskog voks opp i eit konservativt og haugiansk bondemiljø. Ho lærte bokmål på skulen, men sa at ho måtte lære seg nynorsk for å kunne uttrykkje seg i dikt.

Les meir om Liv Holtskog

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge, forfattar og fruktdyrkar som etter kvart vart ein av dei fremste norske lyrikarane på 1900-talet, omsett til over tjue språk og sjølv ein viktig omsetjar av lyrikk frå engelsk, tysk og fransk.

Les meir om Olav H. Hauge

Olav Høyem

Olav Jakobsson Høyem, lærar frå Byneset som gav ut skulebøker i si eiga landsmålsform. Han kjempa for eit skriftspråk som låg nær talemålet i Trøndelag.
Les meir om Olav Høyem

Tormod Haugland

Tormod Haugland, forfattar og essayist som har hausta strålande kritikkar for bøkene sine. Han var leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland frå 1998 til 2008.

Les meir om Tormod Haugland

Vigdis Hjorth

Vigdis Hjorth

Vigdis Hjorth, forfattar. Hjorth sine romanar er humoristiske, men også eksistensielle og politiske. Romanpersonane er ofte sterke og sårbare på same tid, og gjennom auga til desse personane skildrar Hjorth kjønnsroller og kvinner sine vilkår og det moderne mennesket sine evige utfordringar.

Les meir om Vigdis Hjorth

Aasta Hansteen

Aasta Hansteen

Aasta Hansteen, føregangskvinne for målsak og kvinnesak, Noregs første kvinnelege profesjonelle kunstmalar, ein av dei første nynorskbrukarane i landet og saman med Camilla Collett grunnleggjar av norsk kvinnerørsle.
Les meir om Aasta Hansteen

Åsta Holth

Åsta Holth, forfattar og forkjempar for skogfinnekulturen, president på livstid for den årlege tre dagar lange Republikk Finnskogen.

Les meir om Åsta Holth