Hopp til innhold
Foto: Odd W. Sørås/ NRK
Foto: Odd W. Sørås/ NRK
X
Innhald

Arild Hoksnes

Arild Hoksnes, forfattar, journalist, musikar og humorist.

Arild Hoksnes er fødd 1. desember 1956 i Aukra i Romsdal og er busett på Hjelset i Molde. Han er utdanna cand.mag frå Universitetet i Trondheim, med faga musikk, fransk og historie (1980). Hoksnes har arbeidd som journalist og produsent i NRK Radio (1977–91) og som fredagskåsør i NRK Møre og Romsdal (1995–2010).
Sidan 1991 har han drive eige firma. Han tok masterutdanning i organisasjon og leiing ved NTNU i 2014 og arbeider mellom anna som rettleiar og som føredragshaldar.
(Artikkelen held fram under videoen)
Frå motivasjonsføredraget «Kunsten å være optimist i motbakke» med Arild Hoksnes, 2009.
Hoksnes har gitt ut fleire humorbøker. Den første var I – den store romsdalskonspirasjonen (2003). Borti Huttaheiti (2004) er ein humoristisk analyse av næringslivet i regionen. I Exit Møre og Romsdal (2006) skriv Hoksnes om at fylket vil forsvinne som eigen region, og i Artig og artig (2008), med romsdalske humorhistorier, har Hoksnes endeleg fått gjennomslag om at Romsdal ligg mellom Sunnmøre og Nordmøre.
I Kunsten å ta feil (2010) blir vi minte om at ein feil kan bli ein suksess. Den lokalhistoriske boka Historien om Tyholttårnet kom i 2010.
Som musikar har Hoksnes vore med i fleire band og skrive bok om gamaldansmusikk. I Vals til 1000 (1988) laga han ei framstilling av framveksten av gamaldansmusikken i Noreg gjennom 200 år. Arild Hoksnes band gav i 2010 ut CD-en Vill Nordvest. Hoksnes har òg vore med i folkemusikkgruppa Hørkelgaddan og Søndre Trondhjems Spellmannslag, starta i 1994 etter initiativ frå Hoksnes.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video med musikk frå Arild Hoksnes band sin CD Vill Nordvest.
Hoksnes fekk Spelemannsprisen for folkemusikk i 1981 saman med Hørkelgaddan og Møre og Romsdal fylkes kulturpris for 2005. I 2012 blei han tildelt Gullruten saman med Per Jarle Heggdalsvik for beste program, «Min ungdoms vår», for NRK Ut i naturen. Han skriv både bokmål og nynorsk.
Kjelder
Heimesidene til Arild Hoksnes: http://hoksnes.wordpress.com/ [lesedato 24.1.2013]
Samlaget sin forfattaromtale av Arild Hoksnes: http://www.samlaget.no/Forfattarar/H/Arild--Hoksnes.aspx [lesedato 24.1.2013]
Peikarar

Først publisert: 23.01.2014
Sist oppdatert: 05.08.2014