Faktaboks

Aslaug Høydal
Fødd
22. desember 1916, Seljord
Død
20. juli 2007

Aslaug Høydal var ein norsk forfattar og lærar. Ho fekk mykje merksemd for romanen Dyr last (1963), som er eit åtak på ungdomsskulen og skulesentraliseringa. Ho fylgde opp dette temaet i seinare romanar, mellom anna Tårer i sand (1969) og Brest i såldet (1973). Romanane I gryet gror dagen (1974), Høyra livet til (1976) og Løyndebru (1977) utgjer ein trilogi.

Høydal gav ut fleire novellesamlingar, mellom anna I skotlina (1970) og Frå Lakkegata til Foldingbro (1975) og fleire barnebøker, Born og bøling (1950), Bak berg og blåne (1965), Heile klassa i sving (1970) med fleire. I 1985 kom den historiske romanen Frå Beerseba til Susanborg, fylgd av diktsamlinga Skjelv i vindovne skogar (1986) og romanane Dei utstøytte frå Israels hus (1987), Vind og Veris (1988) og Lektor Ramberg (1993).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg