Hopp til innhold
X
Innhald

Espen Haavardsholm

Espen Haavardsholm, fødd 1945, er forfattar. Han var ein av dei sentrale forfattarane i Profil-krinsen og debuterte med novellesamlinga Tidevann i 1966.
 
Haavardsholm har gitt ut fleire samlingar, til dømes Den avskyelige snømannen (1970), Zink (1971) og Svarte fugler over kornåkeren (1981), essaysamlingar som Munnene (1968), Kartskisser (1969) og Poesi, maktspråk (1977). Han har òg skrive romanar, mellom andre Drift (1980), Store fri (1983), Roger, gult (1986), Huleskyggen (1990), Ikke søkt av sol (1994), Det innerste rommet (1996), Italienerinnen (1998), Lilit (2001), Gutten på passbildet (2004), Tjue (2006), Bildet på baksiden (2008) og Besøk på Ekely.
 
Biografiane Mannen fra Jante (om Sandemose, 1988), Martin Linge – min morfar (1993), Øst for Eden, om Johan Borgen, (2000) og Et rom i flammer. Ola Bauer (2010).
 
Haavardsholm har òg vore litteraturkritikar i Dagbladet. I 2006 fekk han Aschehougprisen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 17.12.2014