Hopp til innhold
X
Innhald

Idar Handagard

Idar Antonius Handagard var ein særdeles allsidig forfattar, som engasjerte seg på mange felt, og som skreiv alt frå lyrikk til medisinsk faglitteratur. Samtidig var han ein framståande talsmann for fråhaldsrørsla og målrørsla.

Idar Handagard var fødd 9. august 1874 i Kristiansund og døydde 11. desember 1959. Han vart utdanna som cand.med. i 1905, men praktiserte aldri som lege. Ei tid dreiv han botaniske studiar med statsstipend, og han fekk Kongens gullmedalje for ei innsamling av norske plantenamn i 1907.

Forfattarskapen hans omfattar ei rekkje diktsamlingar, ei novellesamling, ei mengd artiklar og fleire ulike faglitterære bøker, mellom anna den første nynorske boka i helselære – Mannalikamen og helsa (fire utgåver) – og fleire litteraturhistoriske verk, mellom anna om diktinga til Johan Sebastian Welhaven. I 1905 starta han Norsk Bokhandel, og i 1910 foreininga Norsk Bokmannslag, for nynorske forfattarar. Han var opphavsmann og leiar for Studentmållaget i Oslo, og han stod som utgivar av Bokmannen. Tidskrift fyr diktekunst og upplysing i åra 1936–39.

Kjelder

Ove Bakken og Olav Sundet: Idar Handagard. Mannen og livsverket hans. Trondheim 1944

Peikarar

Bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com https://bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com/primo-explore/searchquery=any,contains,idar%20handagard&tab=default_tab&search_scope=default_scope&vid=BIBSYS&lang=no_NO&offset=0

Først publisert: 26.11.2019
Sist oppdatert: 26.11.2019