Hopp til innhold
Ingeborg Refling Hagen rundt 1935. Fotograf: Thorleif Wardenær. Kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: TM.T03115. CC BY-SA 4.0.
Ingeborg Refling Hagen rundt 1935. Fotograf: Thorleif Wardenær. Kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: TM.T03115. CC BY-SA 4.0.
X
Innhald

Ingeborg Refling Hagen

Ingeborg Nancy Refling Hagen, forfattar og kulturarbeidar. Ho var ein folkekjær diktar som nådde vidt ut gjennom eit brennande engasjement for fridom, kultur og opplysing.

Ingeborg Refling Hagen var fødd 19. desember 1895 på Tangen i Hedmark og døydde 30. oktober 1989. Ho vaks opp i tronge kår i eit samfunn prega av skarpe klasseskilje, og ho laut sjølv tidleg ut i arbeid – som 13-åring drog ho til England og arbeidde som guvernante. Tilbake i Noreg i 1920 debuterte ho som forfattar, og ho blei raskt ein sentral person i kunstnarmiljøet Ekebergkolonien i hovudstaden. Hagen skreiv både romanar, lyrikk og noveller, og blei svært populær. Ho brukte ofte hedmarksdialekten når ho skreiv, og viste såleis veg for diktarar som Hans Børli og Alf Prøysen.

Hagen åtvara tidleg mot fascismen, og under den spanske borgarkrigen engasjerte ho seg for å støtte den spanske regjeringa mot general Franco og den fascistiske Falangen. I mellomkrigstida arbeidde ho med å skape interesse for Henrik Wergeland si dikting, som ho oppfatta som vaksine mot nazismen. Under andre verdskrigen var ho med i illegalt motstandsarbeid. Ho blei arrestert og torturert av Gestapo, og overlevde så vidt krigen.

Etter krigen vidareførte ho engasjementet sitt i den såkalla Suttungrørsla, med litteraturformidling særleg retta mot barn og unge. Barndomsheimen Fredheim på Tangen blei etter kvart eit senter for dette arbeidet, som resulterte i omfattande kulturell knoppskyting, mellom anna med Suttungteatret, Suttung forlag og Suttungkoret. Hagen har fått ei rekkje prisar, og i 1967 blei ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for verksemda si.

Karin Sveen, som sjølv brukte ein del av ungdomstida si på Tangen, gav i 1991 ut romanen Hannas hus (1991), der Suttungrørsla blir stilt i eit kritisk lys. Skildringane hennar av strenge rammer og autoritetsdyrking i eit sekterisk miljø vekte oppsikt og debatt.

 

Kjelder

Svein Gundersen (red.): «Av skalden fikk vi landet». Festskrift til Ingeborg Refling Hagen på hennes 85 årsdag 19. des. 1980. Tangen 1980

Aslaug Groven Michaelsen: «Ingeborg Refling Hagen», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001

Ingrid Elise Wergeland: Slik som kjærlighet vekker deg. En bok om Ingeborg Refling Hagen. Oslo 1995

 

Peikarar

Ingeborg Refling Hagens Kulturhus Fredheim, kulturhusfredheim.no

Bibliografi i Bibsys, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 11.08.2020
Sist oppdatert: 30.10.2020