Hopp til innhold
X
Innhald

Inger Elisabeth Hansen

Inger Elisabeth Hansen, fødd 1950, er lyrikar og omsetjar. Ho debuterte med diktsamlinga Det er nå det er like før (1976) og har seinare gitt ut Klodedikt (1979), Dobbeldame mot løvenes ørken (1986), I rosen (1993), Fraværsdokumenter (2000) og Trask. Forflytninger i tidas skitne fylde (2003), som ho fekk Brageprisen for.
 
Hansen har òg skrive noveller, essay og barnebøker, og ho har gjendikta poetar som Vicente Aleixandre, Märta Tikkanen og César Vallejo.
 
Hansen fekk Doblougprisen og Aschehougprisen i 1994. Ho var formann i Den norske Forfatterforening i åra 1997–99. I 2013 var Hansen festspeldiktar under Dei Litterære Festspela i Bergen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 20.11.2014