Hopp til innhold
Jonny Halberg. Foto: Rolf M. Aagaard/Kolon Forlag, med løyve for Allkunne.
Jonny Halberg. Foto: Rolf M. Aagaard/Kolon Forlag, med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Jonny Halberg

Jonny Halberg er forfattar og har skrive fleire filmmanus.

Jonny Halberg, som tidlegare kalla seg Jonny Berg, fødd 1962, er forfattar. Stilen hans er ofte skildra som «skiten realisme», med usentimentale skildringar frå landsbygda og eit ordknapt og munnleg uttrykk. Halberg debuterte med novellesamlinga Overgang til tertiær (1989) og følgde opp med Gå under (1992). Vidare skreiv han romanane Trass (1996), Flommen (2000), som han fekk Kritikerprisen for, En uskyldig tid (2002), Gå til fjellet (2004), Tvillingen (2006), All verdens ulykker (2007), En norsk tragedie (2010) og 1983 (2012).

Halberg har òg skrive filmmanus til Budbringeren (1997) og Amatørene (2001) saman med Pål Sletaune, og han har vore medredaktør i litteraturtidsskriftet Vagant. Han fekk Sultprisen i 1998 og både romanprisen til P2-lyttarane og Kritikarprisen i 2000 for Flommen.

Først publisert: 18.04.2016
Sist oppdatert: 18.04.2016