Faktaboks

Klaus Høyem

Klaus Jakobson Høyem

Fødd
7. desember 1851, Bynes i Trondheim
Død
20. april 1923, Trondheim

Klaus Høyem var lærar og hospitalforstandar i Trondheim. Han var tidleg ute med å gjendikte salmar og andre dikt til ein nynorsk som delvis var prega av trønderdialekten.

Bakgrunn

Klaus Høyem var fødd på Byneset i Trondheim. Han tok lærareksamen ved Klæbu seminar i 1870 og arbeidde frå 1871 som klasselærar og etter kvart også som kasserar ved katedralskulen i Trondheim. Frå 1899 og fram til han døydde, var Høyem forstandar for «Trondhjems spital» (eldre ord frå latin via norrønt for hospital). Det er ein diakonal institusjon med røter frå mellomalderen, og i Høyems tid var det ein aldersheim for trengande både frå byen og begge trønderfylka.

Utgivingar

Grundtvigianismen

Til liks med eit par eldre brør var Høyem med i det grundtvigske miljøet i Trøndelag, og i 1870-åra publiserte han fleire tekstar på norsk landsmål. I bladet Bud til Menigmand hadde han såleis juleandakta «Ein liten Bite til Jolekvelds» i 1873 og eigne omsetjingar av dei kjende songane «Deilig er jorden» og «Alltid freidig» i 1875.

Gjendiktingar

Til opninga av folkehøgskulen på Bynes i Trondheim ved nyttår 1876 stod Høyem bak heftet Sångkrans, med gjendiktingar av elleve songar og salmar. Mellom dei var Grundtvig-tekstar som «O, kristelighed» og «Hvad solskin er for den sorte muld», saman med Bjørnsons «Norsk sjømands-sang» («Den norske sjømand») og den kjende salmen «Kjærlighed fra Gud».

I 1873 gav Høyem på eigen kostnad ut ei omsetjing av Grundtvigs poetiske drama Paaske-Lilien. Der møter vi mellom andre soldatane som stod vakt ved Jesu grav, og mot slutten, når grava er opna og Jesus oppstaden, tonar eit englekor med: «Gud ske Lov! / byd Grava Spot og Dauden Trås, / ver evig sæl! / Og syng med os, / vårt Gud ske Lov!»

Nynorsk kyrkjespråk

Høyems nynorsk var meir normalisert enn den broren Olav J. Høyem brukte, men tekstane frå Trøndelag fekk ikkje særleg gjennomslag nasjonalt. Omsetjingane vitnar like fullt om ungdomeleg ihug og alvorleg arbeidsinnsats for å formidle den kristne bodskapen til medmenneske i eit folkeleg språk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Høyem, O.J. (1894): Nes eller Bynes (og Buvik). En bygdebeskrivelse. Trondhjem. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • [Høyem, K.] (1875): Sångkrans åt høgskulen på Bynese (3dje januar 1876). [Trondhjem]

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg