Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Hauge

Knut Hauge var forfattar og bonde i Vestre Slidre i Valdres. Han har vore kalla «ein av Noregs mest lesne og minst omtalte forfattarar». Han var også leiar i Noregs Ungdomslag i fire år.

Knut Hauge var fødd i Vestre Slidre i Valdres 31. mai 1911 og døydde 13. april 1999. Etter å ha gått på Oppland småbruks- og hagebruksskole overtok han heimegarden Nedre Hauge i Lomen, men han var fast bestemt på å bli forfattar alt frå skuletida. Han blei refusert fleire gonger før han fekk gitt ut den første boka, men han hadde dikt og noveller på trykk både i aviser, julehefte og blad, mellom anna i det handskrivne lagsbladet til Slidringen UL. Han var bror til lyrikaren Marit Myhre.

I 1948 slo han endeleg igjennom med den historiske romanen Krossen under Torfinnshø. Denne boka skreiv han seinare om noko, slik at ho danna den første boka i Sagaen om Ulfsætta. Denne serien på åtte band kom ut i åra 1965–80 og følgjer historia til ei slekt i eit landskap som minner mykje om Hauge si eiga heimbygd. Hauge gav også ut samtidsromanar, mellom anna Ein roman om kjærleiken og om døden, og ei barnebok: Pekka, elva og eventyret. Ei barnebok kom ut posthumt: Lasse frå Lærdal.

Hauge var aktiv i ungdomslagsrørsla i mange år, både lokalt og sentralt. Han skreiv amatørskodespel, og han skreiv prologar og heldt talar og kåseri på årsmøte, ungdomslagsstemne og i NRK. I åra 1955–59 var han leiar i Noregs Ungdomslag. I avisa Valdres hadde han ei fast spalte, «Tårnfalken», og i Bondebladet skreiv han «Brev frå Rognerud». Han sat i styret for Valdres Folkemuseum i mange år, og i styret for avisa Valdres. Han var òg med i redaksjonen for Årbok for Valdres i åra 1959–80.

Den boka av Hauge som ofte blir framheva som den beste, er Ein roman om kjærleiken og om døden. Boka kom som Bokklubb-bok i 1976 og fekk Aschehougprisen i 1977. Dei historiske bøkene hans førte til at somme kritikarar plasserte han i kategorien «heimstaddiktar», men i ettertid blir han vurdert som ein forfattar på nasjonalt nivå. Med den nære kjennskapen til gardsliv og bygdehistorie kunne han skildre livet i det norske jordbrukssamfunnet på ein måte som få andre kunne ha gjort.

Hauge fekk Conrad Mohrs reisestipend i 1960 og Sunnmørsprisen i 1965 for boka Kross og kvitsymre. Vidare fekk han Mads Wiel Nygaards legat i 1967, Melsom-prisen i 1968 og Doblougprisen i 1986.

Kjelder

Olav Gullik Bø: «Helsing frå ein lesar», kåseri på 100-årsdagen til Knut Hauge 31.5.2011. Årbok for Valdres 2011

Arnfinn Engen: «Knut Hauge», i Opplendingar som skapte framtid. 30 opplendingar som har vore med på å forme samfunnet vårt i perioden 1905–2005. Teksthefte til ei utstilling ved museum i Oppland i 2005

Ottar Grepstad: «Hauge, Knut», i Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Gunnar Hauge: «Tankar ved 100-årsjubileet for Knut Hauge». Årbok for Valdres 2011

Valdres Historielag: Tidsskrift for Valdres Historielag. Heidersskrift til Knut Hauge. Årbok 1981

Peikarar

Digitaliserte bøker av Knut Hauge på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/search?mediatype=b%C3%B8ker&name=%22Hauge%2C%20Knut%22

Svein Olav B. Langåker: «Nyoppdaga bok frå Knut Hauge», framtida.no https://framtida.no/2011/05/19/nyoppdaga-bok-fra-knut-hauge

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 20.11.2019