Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig Holberg

Ludvig Holberg (1684–1754), dansknorsk diktar, var ei av inspirasjonskjeldene til Aasmund Olavsson Vinje.

Holberg er mest kjend for komediane sine, men i mange norske boksamlingar fanst Moralske Tanker (1754) og samlingane av Epistler. I desse prosastykka kommenterer Holberg store og små saker med særprega ironi og distanse, og han samanliknar heile tida saker i samtida med tekstar frå antikken. Holberg fornya den essayistiske sjangeren, og det er denne sida ved han Aasmund Olavsson Vinje førte vidare ved å dyrke den personlege og gjerne underfundige kommentaren til dei emna han skreiv om.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 11.10.2018