Hopp til innhold
X
Innhald

Margunn Hageberg

Margunn Hageberg, filolog, forfattar og lærar. Ho skriv mest lyrikk og overraskar gjerne med diktopplesing på kafear og gatehjørne.

Margunn Hageberg er fødd 7. mars 1950 i Ullensvang i Hardanger. Ho tok hovudfag i litteratur ved Universitetet i Tromsø i 1987 og vart buande der til 2008. Då flytta ho til Raufoss i Oppland. Debuten kom med diktsamlinga Reise i verk i 1998. I alt har ho gitt ut fem bøker.

Hageberg si dikting er farga av stader ho har budd på og menneske ho har møtt. Reise i verk byggjer på Knut Hamsun sine kvinneskikkelsar, som er personar ho har møtt gjennom litteraturen, andre dikt er inspirerte av personar ho treffer på i kvardagen.

I nokre av bøkene inviterer Hageberg lesaren med på tur, og her gjer ho landskap og lokalmiljø til hovudtema. J.M. Johansen's Road (2000) er stemningsdikt frå Stamsund i Lofoten, der forfattaren budde ei tid, og der ho i dikta syklar langs vegen som har namn etter ein mektig væreigar. I Å, Tromsø (2001) tek ho lesaren med på diktariske vandringar i heimbyen. Begge bøkene er illustrerte av Eldbjørg Haugen.

I romanen Containerflaum (2010) skildrar ho ei ung kvinne som ikkje tør tru at noko godt kan vare, og som difor samlar dei viktigaste tinga sine i ein kontainer, slik at ho på kort varsel kan stikke av frå mannen sin. Den 89-siders romanen er poetisk i forma, og handlinga er lagd til eit attkjenneleg Tromsø. Totentekster (2017) er småtekstar om inntrykk frå Toten.

Hageberg er oppteken av å få poesien ut i kvardagen og har ved mange høve gleda folk med å lese eit dikt for dei i forbifarten.

 

Kjelder

E‑post frå Margunn Hageberg 16.9.2019

 

Margunn Hageberg: Containerflaum. Tromsø 2010

 

Hadle Oftedal Andersen: «Folkeleg lyrikk», dagogtid.no, publisert 10.6.1999: http://old.dagogtid.no/arkiv/1999/23/bokm2.html [lesedato 17.9.2019]

Hilde Kat. Eriksen: «Å vere kjent der ein skriv: Margun Hageberg», hildekat.blog, publisert 14.6. 2011: https://hildekat.blog/2011/06/14/a-vere-kjent-der-ein-skriv-margunn-hageberg/ [lesedato 17.9.2019]

Fjordgaten: «Margunn Hageberg (1950–)», fjordgaten.no: http://www.fjordgaten.no/forfatter/margunnhageberg.shtml [lesedato 8.9.2019]

 

Peikarar

Margunn Hageberg og Eldbjørg Haugen: J.M.Johansen's Road. Stamsund 2000. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Radio Toten v/ Ole Ivar Vangen: «Margunn Hageberg med ny bok». radiototen.no

Først publisert: 03.01.2020
Sist oppdatert: 07.03.2020