Hopp til innhold
X
Innhald

Nils-Øivind Haagensen

Nils-Øivind Haagensen, fødd i 1971, er forfattar, journalist og forleggjar. Han debuterte med diktsamlinga Hender og hukommelse i 1998 og følgde opp med mellom andre Et godt sted (1999), 23 dikt om kvinner og menn og en desperat forklaring (2003), Nils-Øivind Haagensen skriver (2005) og God morgen og god natt (2012). Haagensen har òg gjendikta Jack Kerouacs diktsamling San Francisco blues.  Han gav ut romanen Det radioaktige i 2001 og reiseboka Møt meg, møt meg, møt meg i 2006.
 
I 2008 starta han Flamme Forlag saman med Bendik Wold. Haagensen fekk Sultprisen i 2004. I 2013 gav han ut romanen Liten. Diktsamlinga Spredning kom ut i 2014.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 20.11.2014