Hopp til innhold
X
Innhald

Rune F. Hjemås

Rune Fånes Hjemås er forfattar, spaltist og redaktør. Dei siste åra har han vore ein pådrivar for etablering av Litteraturhuset i Trondheim. Han er òg mentor for unge skribentar.

Hjemås er fødd 26. mars 1982 i Trondheim og er busett same staden. Han var elev ved Heimdal videregående skole i 1998–2001 og gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2004–05. I 2007 tok han mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo.

I 2008 var Hjemås redaksjonskonsulent i Gyldendal Rettsdata. Han arbeidde som ekstrahjelp i Det Norske Samlaget i 2009–10 og som førstekonsulent i Den kulturelle skulesekken i Trondheim kommune i 2014–15. Hjemås var fast spaltist i Klassekampen frå 2010 til 2014. Han sit i styret for Trøndersk Forfattarlag, og frå 2012 har han vore styremedlem i Litteraturhuset i Trondheim. I 2013 starta han miniforlaget Beijing Trondheim saman med Mathias R. Samuelsen. Her tilbyr dei skrivande talent tekstleg vurdering og publisering. Dei to var i 2018 redaktørar for Samlaget sin antologi Ny amerikansk poesi.

Hjemås debuterte i 2008 med kortprosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd. Gjennom korte, presise tekstar skildrar han menneske som freistar å finne seg til rette i tilværet. Året etter gav han ut novellesamlinga Indianarar, og i 2012 kom diktsamlinga Det er ikke vår, det er global oppvarming. I 2018 gav han ut den første romanen, Aurora. Det er ei kjærleikserklæring til Island og handlar om venskap, finanskrise, det å setje spor og kva som er viktig i livet. På same måten som prosatekstane og dikta ber romanen preg av korte passasjar og augeblinksbilete i eit minimalistisk og poetisk språk.

I 2019 gav Hjemås ut Fugleelskarar, bakgard, omsetjingar av den eksperimentelle amerikanske forfattaren Thalia Field. Same år ga han nynorsk språkdrakt til På jorda er vi glimtvis vakre av den unge amerikanske forfattaren Ocean Vuong. Hjemås har òg vore bidragsytar i fleire antologiar.

Frå 2018 bur Hjemås i ein femårsperiode i Adrianstua, Trondheim kommune sin forfattarbustad. Han fekk Trondheim bykunstnarstipend for 2019.

Kjelder

E‑post frå Rune F. Hjemås 30.3.2019

Nettstaden til Rune F. Hjemås, runehjemas.no: https://runefhjemas.no/ [lesedato 23.1.2020]

Peikarar

Kristina Leganger Iversen: «Intervju med Rune F. Hjemås», framtida.no https://framtida.no/2012/10/13/intervju-med-rune-f-hjemas

Mette Karlsvik: «DnF presenterer nytt medlem № 25», forfatterforeningen.no https://www.forfatterforeningen.no/artikkel/dnf-presenterer-nytt-medlem-no-25

Vidar Kvalshaug: «Dobbel seksløpar frå Vuong», bok365.no, publisert 4.12.2019

Først publisert: 22.11.2019
Sist oppdatert: 28.03.2020