Hopp til innhold
X
Innhald

Sigbjørn Hølmebakk

Sigbjørn Hølmebakk, 1922–81, var forfattar og debuterte i 1950 med novellesamlinga Ikke snakk om høsten. Han skreiv òg romanane Menneskefiskeren (1956), Emigranten (1959), Fimbulvinteren (1944), som vart filmatisert i 1964, Jentespranget (1970), som vart filmatisert, Karjolsteinen (1975), som òg vart filmatisert, og Sønnen (1978). Hølmebakk gav ut artikkelsamlinga Hundevakt, grålysning i 1974 og essaysamlinga Ta ikke denne uro fra meg i 1982. Han skreiv òg skodespel og ei gutebok. Hølmebakk var ein utprega realist med stor evne til å fortelje. Han var ein ivrig aktivist mot atomvåpen og var med på å stifte Sosialistisk Folkeparti. I 1975 fekk Hølmebakk Kritikarprisen for Karjolsteinen og i 1976 fekk han Doblougprisen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2016
Sist oppdatert: 18.04.2016