Hopp til innhold
 Sigurd Hoel. Ukjend fotograf. Nasjonalbiblioteket, blds04875.
Sigurd Hoel. Ukjend fotograf. Nasjonalbiblioteket, blds04875.
X
Innhald

Sigurd Hoel

Sigurd Hoel, 1890–1960, var forfattar og kritikar. Han debuterte i 1922 med novellesamlinga Veien vi gaar. Hoel gav ut fleire romanar, mellom andre Syndere i sommersol i 1927, En dag i oktober i 1931, Veien til verdens ende i 1933, Fjorten dager før frostnettene i 1935, Møte ved milepelen i 1947, Stevnemøte med glemte år i 1954 og Trollringen i 1958. Han var sterkt oppteken av psykoanalysen.
Som hovudkonsulent i Gyldendal skapte han "Den gule serie" som introduserte samtidslitteratur frå heile verda i Noreg. Hoel gav ut fleire essaysamlingar og var formann for Riksmålsforbundet i 1956–59. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013