Hopp til innhold
X
Innhald

Sissel Horndal

Sissel Horndal, barnebokforfattar, biletkunstnar, illustratør og grafisk designar.

Sissel Horndal er fødd 17. februar 1970 i Bodø, og busett i Mørsvikbotn i Sørfold kommune i Nordland. Ho er utdanna ved Nordland kunst- og filmskole (1991–93) og kunsthøgskolen i Bergen (1994–97). I 1997–99 arbeidde ho ved Lakselv videregående skole. Saman med Sissel Beyer starta ho firmaet RABARBRA (2005), som sel tenester innanfor grafisk design, illustrasjon og bedriftsprofilering.

Horndal debuterte i 1998 som forfattar og illustratør med biletboka Ei halspastillhistorie, som handlar om Sivert og Store-Sivert som bur på ei øy vest i havet. Eg er ikkje trøytt, om Silje som høyrer skumle lydar under senga, kom ut i 2000. Himmelspringaren kom i 2008, og det er ei forteljing om det lilla lammet Lila. Horndal har ein fin balanse mellom språk og bilete i bøkene sine, og språket er lett og poengtert. Ho har òg gitt ut Historia om alfabetet (2014), Hokus pokus 1, 2, 3 (2014) og Sølvmånen (2015). I 2015 fekk ho Blix-prisen for forfattarskapen sin.
Ho har illustrert ei rekkje norske og samiske lærebøker for grunnskolen, og ho var illustratør for mellom anna kokeboka Ro, ro til fiskeskjær (1998) og barnebøkene Ho Kirsti og eg (2005) og Huskereisa (2009).
Horndal har hatt ei rekkje utstillingar og har arbeidd med fleire teaterprosjekt, og ho produserte framsyninga Stallo sover ikke når sølvmånen skinner (2009). I 2013 turnerte ho med den kulturelle skolesekken med førestillinga Roa, roa Balteskjær. Ho fekk tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 1998 for Ei halspastillhistorie og i 2008 for Himmelspringaren. I 2013 blei ho nominert til Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur saman med Signe Iversen for den samiske barneboka Mánugánda ja Heike.
Kjelder
Sissel Horndal, forfattarside, mangschou.no, http://www.mangschou.no/forfattere/sissel-horndal [lesedato 26.4.20100]
Nynorsk barnelitteraturpris, historisk oversikt over tildelingar, nm.no, http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10235,10236 [lesedato 26.4.20100]
«Nynorsk barnelitteraturpris til Sissel Horndal», nm.no, sist oppdatert 24.4.2009, http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10197&id=2858 [lesedato 26.4.20100]
Jostein Andresen Ryen: «Himmelspringaren», bokmelding, barnebokkritikk.no, publisert 11.6.2009, http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=658 [lesedato 26.4.20100]
Peikarar

Først publisert: 26.04.2011
Sist oppdatert: 13.04.2018