Hopp til innhold

Caroline Juul Jørstad

Caroline Juul Jørstad var lærar og forfattar og skreiv dikt inspirerte av folkeviser, norsk natur og folketru.

Caroline Juul var fødd 22. september 1892 i Aurland i Sogn og døydde 5. februar 1962 i Oslo.

Caroline Juul var dotter til Eilert Patrik Juul, sokneprest i Aurland frå 1884 til 1924. Ho tok eksamen ved Hamar lærerskole i 1914 og var tilsett som lærarvikar i Oslo frå 1915 til 1925, frå 1925 i Aker. Den lengste tida hadde ho arbeidsplassen sin ved Østensjø skole.

Juul Jørstad debuterte i 1935 med diktsamlinga Vilje de lya. Dikta byggjer på naturopplevingar, segner og folketru frå Indre Sogn og er sterkt folkevise-inspirerte, skrivne på nynorsk, med tydeleg farge av sognemålet. Dikta har referansar til stadnamn i Aurland og er forteljande, med skildringar av ein veldig natur og sterke kjensler: kjærleik, svik, død og lagnadstru. Jørstad dediserer dikta sine til den sterke livskrafta ho finn i naturen.

I 1939 kom Tireli tare, eit langt godnatt-dikt, også dette inspirert av folkevisene. Denne boka er laga som ekstralesnad for elevar i første klasse i grunnskulen og er illustrert av Per Teigen.

Juul Jørstad var gift med Ivar Jørstad (1887–1967), som var biolog og ekspert på soppsjukdomar. I 1920 vart han tilsett som den første statsmykologen i Noreg, med ansvar for forsking og rettleiing knytt til plantesjukdomar.



Kjelder

Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik (red.): Dikting og diktarar frå Sogn, Kaupanger 1978

Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934

 

Peikarar

Digitaliserte bøker av Caroline Juul Jørstad på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Forfattarside om Caroline Juul Jørstad på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», fortfattarar.sfj.no

Først publisert: 14.08.2019
Sist oppdatert: 14.08.2019