Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Inge Eberg Johansen

Inge Eberg Johansen, forfattar og formidlar av kulturhistorie i heimkommunane Andøy og Hadsel og opphavet bak den første uvêrshola i verda.

Inge Eberg Johansen er fødd 5. august 1936 på Nøss på Andøya og er busett på Stokmarknes i Vesterålen. Han dreiv fiskebruk som 17-åring og har arbeidd som gruvearbeidar, snikkar og lærar. Eberg Johansen tok Tromsø lærerskole (1958–62), forming på Notodden (1966–67), historie ved universitetet i Trondheim (1967–68), mediekunnskap ved Møre og Romsdal distriktshøgskule (1978) og miljølære ved Universitetet i Bergen (1992). Han var lærar i grunnskulen og ved den vidaregåande skulen i Stokmarknes (1962–94).
Eberg Johansen debuterte som romanforfattar i 2001 med Krig i kalosjar. Det er ei kritikarrost forteljing der synsvinkelen ligg hos eit barn frå ein gard i Nord-Noreg under andre verdskrigen.
I 2003 kom den frittståande etterfølgjaren Tyskungen. Historia utspelar seg i Nord-Noreg rett etter andre verdskrigen, og i begge romanane er synsvinkelen overtydande og truverdig gjennomført.
Gjennom ei årrekkje har han skrive ei mengd lokalhistoriske artiklar og epistlar i antologiar og i lokalavisa Vesterålen, mange av dei om eigne opplevingar, om nordnorske stadnamn, vêrteikn og Lofotfisket. Han illustrerte dialektboka Ta va fole – ord og utrykk frå Romsdal (2010).
Den første uvêrshola i verda er ei steinhole som er bygd ut slik at du ser midnattssola og sjøen som bryt. Uvêrshola har 6000–7000 besøkjande kvart år. Eberg Johansen blei tildelt Blix-prisen i 2001 og Frivillighetsprisen i Hadsel i 2003.
Kjelder
Telefonsamtale med Inge Eberg Johansen 5.7.2011
Inge Eberg Johansen, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/J/Inge-Eberg-Johansen.aspx [lesedato 29.6.2011]
Peikarar
Tekstar av Inge Eberg Johansen på nettsidene til Info Vesterålen

Først publisert: 09.03.2012
Sist oppdatert: 09.12.2013