Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Johanssen

Terje Johanssen, norsk lyrikar som i biletrike dikt krinsa om eksistensielle tema som kjærleik og livsmeining.

Terje Johanssen var fødd 4. juni 1942 i Svolvær. Som vaksen budde han på Jaren i Gran på Hadeland, der han døydde 27. mai 2005.

Johanssen debuterte i 1975 med diktsamlinga Vegen å gå. Seinare gav han ut ei rad diktsamlingar som har nådd eit stort publikum over heile Noreg. Temaa i dei tidlegaste dikta er prega av ei tid då litteraturen var farga av det politiske. I seinare diktsamlingar, mellom anna Atlanterens klokker (2001) og Jeg går omkring (2003), krinsa tekstane meir om sentrallyriske og eksistensielle tema som kjærleik og livsmeining. Kjende motiv i dikta er miljøet og naturen der Johanssen voks opp i Lofoten. Med eit formspråk med svært mange lyriske bilete, blir han plassert i ein modernistisk tradisjon i den norske litteraturhistoria. Den siste diktsamlinga han gav ut, var Slike kvelders gud i 2004. I 2002 kom dikt i utval i samlinga Vid utsikt.

Sjølv om Johanssen først og fremst er kjend som lyrikar, har han også gitt ut bøker med forteljande prosa og gjendiktingar. Saman med bildekunstnarar som Dag Rødsand og Sidsel Westbø gav har også ut fleire kunstbøker. Johanssen har gjendikta tekstar av César Vallejo (1978) og Philippe Jaccottet (1996). Frå 1983 til 1985 var han redaktør for Poesi Magasin.

Terje Johanssen fekk Hartvig Kirans minnepris i 1981 og Gyldendals legat i 1983. I 1992 fekk han Diktartavla. Kvar juni blir «Terje-Johanssen-dagene» arrangerte på Hadeland.

Kjelder

Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie, bd. 8: Vår egen tid. Oslo 1998

«Johanssen, Terje», forfattarbibliografi, nrk.no: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/forfattere/1956895.html [lesedato 16.4.2017]

«Terje Johanssen», forfattarbibliografi, gyldendal.no: http://www.gyldendal.no/Forfattere/Johanssen-Terje [lesedato 16.4.2017]

Peikarar

Knut Ødegård: «En stor diktsamling», aftenposten.no 

Først publisert: 12.05.2017
Sist oppdatert: 12.05.2017