Faktaboks

Are Kalvø
Fødd
31. desember 1969, Stranda
Are Kalvø
Are Kalvø i 2007.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Are Kalvø er ein norsk forfattar og satirikar. Han er kjend og prislønt for framifrå imitasjonar og skarp, samfunnskritisk humor.

Både i bøkene og på scena finn Kalvø omgrep og språk til den automatiserte åtferda til det norske samtidsmennesket. Ved å syne publikum slikt folk gjer eller seier utan å tenkje over det, gjer Kalvø det kjende nytt og spennande, og ikkje minst svært underhaldande.

Bakgrunn

Han er cand.mag. og har studert statsvitskap, sosiologi og kunsthistorie. Han debuterte som forfattar med den humoristiske boka Absolutt Oslo i 1994 og har vore leiar for eit av dei mest populære radioprogramma i Noreg, Hallo i uken i NRK P2, saman med mellom anna Else Michelet og Espen Beranek Holm. Kalvø er også standupkomikar, kåsør, fast spaltist i Dagsavisen, revyforfattar og revyskodespelar.

Humor forsterka med alvor

Kalvø utmerkjer seg med ein satirisk og ironisk humor, ikkje sjeldan uttrykt med tilsynelatande alvor. Som kåsør har han utvikla ei monoton røyst som mimar djupt seriøs folkeopplysning, og dette verkar forsterkande på dei humoristiske poenga. Først og fremst har han vorte populær gjennom radioen, men han har òg skrive mange bøker, som regel satiriske, til dømes Kunsten å vere neger (1996), Bibelen 2 (2002), Syden (2003), Våre venner kinesarane (2007) og Ny grunnlov (2013). I 2004 kom boka Nød, som skil seg ut ved å ha ein meir skjønnlitterær ambisjon.

Hallo i uken

Are Kalvø medverka i radioprogrammet Hallo i uken i 18 år, frå 1993 til han gav seg som programleiar i 2009. Hallo i uken gjekk på lufta frå 1989 til 2013 og hadde skarpt satiriske sketsjar om det norske samfunnet, med hovudvekt på den politiske dagsordenen og mediebiletet. Kalvø nytta her det store registeret sitt som underhaldar og skribent, ikkje minst ved gode imitasjonar, mellom anna av Valgerd Svarstad Haugland, og ved å skape «typar» som «VG-journalisten». Karikaturen i sketsjane går aldri på kostnad av portrettlikskapen, såleis vert humoren slagkraftig og potent som samfunnskritikk.

Forfattarskap

I Kunsten å vere neger (1996) harselerer Kalvø over norsk framandfrykt ved å skildre stereotypiane som om dei var sikre kjenneteikn. Dette er ein metode han har utvikla til kunst, og som han har nytta flittig også i dei andre bøkene sine, heilt frå debuten i 1994. I elegant kåseristil skildrar han det fenomenet han vil undersøkje, med eit sjeldsynt blikk for det komiske. Men komikken speglar like mykje den representative observatøren Kalvø inkarnerer, som det objektet teksten set søkjelyset på.

Syden

I boka Syden (2003) er det den norske turismen Kalvø syner fram, der det stereotype først og fremst er turistane, og ikkje minst pakketurismen som idé. Men Kalvø har sin eigen vri på omtalen av fenomenet, og han slår fast at omgrepet Syden, og alt det står for, i grunnen er det norskaste som finst. Boka er eit kapittel i norsk kulturhistorie slik denne historia er påverka av ein brå auke i velstanden. Det diffuse området Syden vart norsk då dette «eigentlege annleislandet» ikkje lenger var eksotisk og berre for dei få.

Våre venner kinesarane

I Våre venner kinesarane (2007) reiser Kalvø rundt til alle norske kommunar som har minst éin kinarestaurant, og med dette utgangspunktet skildrar han interessante utviklingsdrag i det norske samfunnet mot slutten av det 20. hundreåret. Nok ein gong er det noko framandt og eksotisk som litt etter litt misser alt preg av eksklusivitet, og vert allemannseige. I møtet mellom kulturane oppstår det eit diffusjonssjikt, ein mellomposisjon, og kinarestaurantar i Noreg er ikkje alltid som alle andre kinarestaurantar.

Ny Grunnlov

I Ny grunnlov (2013) har Kalvø reist rundt i landet og snakka med folk, for å høyre kva folk meiner i dag. På grunnlag av svara, har han laga ei ny grunnlov med humor i. Arbeidet er òg dokumentert i tv-serien Riksforsamlinga på NRK.

Scene

Kalvø har, i tillegg til bøkene og dei populære radioprogramma, også utmerkt seg som showmann, både i eigenskap av å vere standupkomikar, noko han tok til med i 1990, og som skodespelar i eigne revyframsyningar. Med eit stort imitasjonstalent og godt språkøyre framstiller han mange ulike personar på revyscena. Han har òg bidrege med manus til ei rekkje framsyningar.

I 1996–1997 turnerte han saman med musikkgruppa Dei nye kapellanane med ei framsyning bygd på boka Kunsten å vere neger. Seinare var han både forfattar og skodespelar i revyane Tusen år og like blid i 1998 og Det folk vil ha i 2005, begge på Det Norske Teatret, og i revyen Tre mot ein er feigt på Sentrum Scene i 2001. Kalvø skreiv teksten til Noregs første opera om fotball, «Norge-Brasil, ein opera», som hadde premiere på Opera Nordfjord i 2010. I 2012 vart ein litt annan versjon av framsyninga vist på Det Norske Teatret under tittelen «Norge-Brasil, ein forballopera». I 2014 debuterte han med si første soloførestilling, Kalvø, av og med Kalvø, på Det Norske Teatret. Kalvø skreiv manus til framsyninga Halve kongeriket. Norsk politikk – The musikal! som hadde premiere på Det Norske Teatret i 2015, med musikk av Ingrid Bjørnov.

Kalvø har også gjendikta musikalane Shockheaded Peter og The Book of Mormon til nynorsk for Det Norske Teatret, med premiere i høvesvis 2013 og 2017.

Utmerkingar

Kalvø har fått fleire prisar for arbeidet sitt, mellom anna Sigmund Skard-stipendet i 2001, Kringkastingsprisen i 2005, Stå opp-prisen i 2010 og Komiprisen for årets sceneforestilling i 2015 og 2016. I 2016 fekk Kalvø Storegutprisenunder Litteraturdagane i Vinje. Prisen heidrar ein person som på ein positiv måte brukar levande nynorsk i det offentlege romet. I 2018 fekk han Heddaprisen for omsetjinga av The Book of Mormon.

Bibliografi

  • Hyttebok frå helvete (Sakprosa, Kagge Forlag, 2018)
  • Are Kalvø på scenen: teater-, revy- og standup-tekstar: historier om og frå det middels ville livet på scenen (Biografiar og memoarar, Samlaget, 2016)
  • Ny grunnlov (Humor, Samlaget, 2013)
  • Greatest hits, vol.3 (Humor, Samlaget, 2009)
  • Våre venner kinesarane (Humor, Samlaget, 2007)
  • Greatest hits, vol.2 (Humor, Samlaget, 2004)
  • Nød (Roman, Samlaget, 2004)
  • Greatest hits, vol.1 (Humor, Samlaget, 2003)
  • Bibelen 2 (Humor, Samlaget, 2002, med Steffen Kverneland)
  • Syden (Humor, Gyldendal, 2002)
  • Harry (Humor, Samlaget, 1999)
  • Men fjernkontrollen min får du aldri (Humor, Samlaget, 1997)
  • Kunsten å vere neger (Humor, Samlaget, 1996)
  • Store nordmenn (Humor, Samlaget, 1995)
  • Absolutt Oslo (Humor, Samlaget, 1994)

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg