Hopp til innhold
Severin Kvaale, fotografert rundt 1934. Ukjend fotograf. Frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum.
Severin Kvaale, fotografert rundt 1934. Ukjend fotograf. Frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum.
X
Innhald

Severin Kvaale

Peder Severin Kvaale, folkehøgskulelærar og kulturarbeidar. Han skaffa seg brei erfaring frå skular i fleire land, før han og kona starta Agder folkehøgskule, som dei dreiv i fleire tiår.

Severin Kvaale var fødd 8. desember 1876 i Jondal i Hardanger og døydde 10. september 1965. Han var av husmannsslekt og vaks opp i tronge kår, men alt tidleg hadde han fått det for seg at han ville bli lærar, helst ved ein folkehøgskule. 19 år gamal fekk han plass på Christian Hambro sin skule på Garnes i Arna, og seinare tok han kurs ved fleire folkehøgskular i Danmark. Han var fleire gonger i USA og underviste mellom anna ved den danske folkehøgskulen i Nebraska. Han drog også på studiereiser til England, Frankrike og Tyskland. I 1910 skipa han Agder folkehøgskule i samarbeid med Vest-Agder Ungdomslag. Skulen hadde frå 1917 eige hus i Søgne.

Kvaale heldt fram som styrar for Agder folkehøgskule heilt til skulen laut stengje under andre verdskrigen. Han dreiv pedagogisk nybrotsarbeid og starta eigne linjer med arbeidsskule og gymnastikk. Kvaale blei mykje nytta som talar, og han skreiv både bøker og skodespel. Kona hans, Marie Bloch Sørensen, var lærar ved ein dansk folkehøgskule då han blei kjend med henne. Kvaale tok aldri formell lærarutdanning. Olav Kolltveit kallar han ein representant for den gamle typen med folkelærarar og folkevekkjarar, ein «ekte grundtvigianar».

 

Kjelder

Olav M. Holdhus og Bjarne Berre: 75-årsminne. Den norske folkehøgskulen 1864–1939. Trondheim 1939

Svein Hovet: Dei gjekk sine eigne vegar. Sermerkte menneske som skapte kulturhistorie. Trondheim 1967

Olav Kolltveit: «Høgskulestyrar Severin Kvaale», Hardanger (avis) 15.9.1965

Gaute Losnegård: Jondal kommune. Gards- og slektssoge, bd. 1. Jondal 2003

 

Peikarar

Bibliografi i Bibsys, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 21.10.2020
Sist oppdatert: 21.10.2020