Hopp til innhold
Åslaug Låstad Lygre.
Åslaug Låstad Lygre.
Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale med Ivar Aasen-tunet.
X
Innhald

Aslaug Låstad Lygre

Aslaug Låstad Lygre, lyrikar og kontorarbeidar. Ho skreiv songbare og stemningsfulle dikt og er kjend for viseklassikaren «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» til tone av Geirr Tveitt.

Låstad Lygre blei fødd i Lindås i Nordhordland 12. desember 1910 og døydde i Bergen 20. desember 1966. Ho gjekk på Fana Folkehøgskule, tok examen artium ved Voss Landsgymnas og tok to år seinare handelsgymnaset i Bergen. Ho arbeidde i Gula Tidend 1934–35 og i ti år som økonomimedarbeidar på kontoret til Vestlandske Salslag i Bergen.

I seks diktsamlingar mellom 1943 og 1964 skriv ho om natur, kjærleik, eksistens og identitet, ofte med religiøse medtonar. Debutsamlinga No blømer alle rosene og samlingane deretter har motiv frå fjellet og kysten i Nordhordland. Seinare blir motivkrinsen utvida med byscener og reiseinntrykk. Den tredje samlinga, Den einsame roaren, er rekna som det lyriske gjennombrotet.

 
Dei fleste dikta har tradisjonell form med fast rytme og rim, mange er songbare, og mange er blitt lesebokdikt.
 
Klassikaren «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» (1948) blei til då Aslaug Låstad Lygre låg alvorleg sjuk å på Luster sanatorium, og er spelt inn på plate av ei mengd artistar, m.a. Alf Cranner, Lars Klevstrand, Birgitte Grimstad og Herborg Kråkevik.
 
Dikt i utval kom ut i 1978 (Gyldendal) og Dikt i samling i 2007 (Norsk Bokreidingslag.

Utdrag frå diktet «Vi skal ikkje sova» av  Aslaug Låstad Lygre

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
Ho er for ljos til det –
Då skal vi vandra isaman ute
under dei lauvtunge tre. 

Utdrag frå diktet «Vi skal ikkje sova» av Aslaug Låstad Lygre: Eld av steinar. Gyldendal 1948.
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Kjelder

Henning Howlid Wærp: «Aslaug Låstad Lygre», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003

Peikarar

Digitaliserte bøker av Aslaug Låstad Lygre på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 12.12.2019