Hopp til innhold
Brita Lid. Foto: Ukjend, frå Norsk Allkunneboks fotoarkiv. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
Brita Lid. Foto: Ukjend, frå Norsk Allkunneboks fotoarkiv. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Brita Lid

Brita Lid, forfattar. I 1933 gav ho ut ei forteljing som blei filmatisert same året, berre to år etter at den første lydfilmen var laga i Noreg.

Lid var fødd på Voss 28. januar 1893 og døydde 9. mars 1979. Etter lærareksamen i 1917 frå Volda lærarskule var ho lærar på Sørlandet kristelege ungdomsskule 1918–20, Grenland ungdomsskule 1920–21 og Sagavoll ungdomsskule 1921–22, før ho blei lærar i folkeskulen i Volda fram til 1954.
 
Ho debuterte med forteljinga Gunnvor (1929) og gav ut sju diktsamlingar og romanar til, fram til Stormtid (1950). Forteljinga Gjennom eld og vatn (1933) blei filmatisert same året.
 
Lid var med i Norsk kristeleg forfattarlag, og ei tid styremedlem i laget.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 16.04.2018