Hopp til innhold
Portrett av Cecilie Løveid. Foto: Søren Bruun/Kolon forlag.
Portrett av Cecilie Løveid. Foto: Søren Bruun/Kolon forlag.
X
Innhald

Cecilie Løveid

​Cecilie Løveid, fødd 1951, er forfattar. Ho har skrive romanar, skodespel og lyrikk. Løveid har vunne fleire prisar.

Cecilie Løveid, fødd 1951, er forfattar. Ho debuterte som romanforfattar og skreiv fleire romanar på syttitalet: Most (1972), Tenk om isen skulle komme (1974), Alltid skyer over Askøy (1976) og Sug (1979). Seinare har ho hovudsakleg skrive lyrikk og dramatikk, til dømes høyrespelet Måkespiserne (1983), og dramatiske verk for både TV og scene, deriblant skodespela Balansedame (1984), Fornuftige dyr (1986) Dobbel nytelse (1988), Maria Q (1994), Rhindøtrene (1996), Østerrike (1998) og Visning (2005). Stykka hennar er sette opp i ei rekkje land. 

Sidan 1999 har Løveid òg markert seg som lyrikar, til dømes med samlingane Gartnerløs (2007), Nye ritualer (2008) og Svartere bunader (2010). I 2013 kom Dikt 2001–2013, der flesteparten av dikta hennar er samla. Ho har òg skrive fleire barnebøker.

Løveid har fått ei rekkje prisar: Aschehougprisen fekk ho i 1984, Doblougprisen i 1990, Amalie Skram-prisen i 1998, Gyldendalprisen i 2001, Diktartavla i 2014, Brageprisen i open klasse i 2017 og Kritikarprisen for beste vaksenbok i 2017. Ho fekk òg Ibsenprisen i 1999 for Østerrike, som handlar om Ludwig Wittgensteins opphald i Skjolden i Sogn og Fjordane. I 1991 var Løveid festspeldiktar under Festspela i Bergen.

Først publisert: 19.04.2016
Sist oppdatert: 02.03.2018