Hopp til innhold
X
Innhald

Haakon Lie

Haakon Lie, forfattar og forstmann frå Telemark som skreiv romanar, dikt og sakprosa på begge målformer. Sentralt i forfattarskapen stod dyr, skogbruk og naturvern.

Haakon Lie var fødd 29. februar 1884 i Fyresdal i Telemark og døydde 18. januar 1970. Han sa frå seg odelen til slektsgarden for å ta skogbruksutdanning og blei uteksaminert frå Statens skogskole i Steinkjer i 1904 og Norges landbrukshøgskole i 1907.

Lie arbeidde som forstmann (skogforvaltar) og skogsskulestyrar fram til 1947, og han skreiv fleire lærebøker og skogfaglege artiklar, mellom anna Skogens nationaløkonomiske betydning (1916), Skogbrukets driftslære (1917) og Fjeldskogen (1925).

Den skjønnlitterære debuten kom i 1920, med romanen Naar gamle skjold brister. Handlinga er lagt hundre år tilbake i tid, i eit landskap som minner om heimbygda. Også fleire av dei seinare bøkene var inspirerte av oppveksten i Fyresdal, mellom anna romanen Gjester på jordi (1934), der han skriv om den gamle Lie-garden.    

Den første barneboka, Ekorngutten (1928), blei utgitt på riksmål, men kom i nynorsk språkdrakt i 1950. Denne boka blei også omsett til engelsk og svensk. Frå og med diktsamlinga Ættarhaugen (1929) skreiv Lie på nynorsk.

Det var dyrelivet i skogen og på garden som fekk størst plass i bøkene hans, og som han lukkast best med å skildre. Lie kombinerte fagkunnskapen om dyr med litterære grep som gjorde dyra levande for lesaren. I dag er det særleg barnebøkene han blir hugsa for.

Haakon Lie fekk Melsom-prisen i 1950 og Kulturdepartementets litteraturpris for barnebøkene Villmark og villdyr (1949), Vegen til eventyret (1960) og I villdyrskog (1961).

Han var son til forfattaren John Lie.

Kjelder

Torgeir Fryjordet. «Haakon Lie (1884–1970). Fyresdøl, forstmann, naturvenn og forfatter», Årbok for Norsk Skogbruksmuseum. Skogbruk, jakt og fiske. Nr. 14, 1993–1996. Elverum 1996

Peikarar

Komplett bibliografi for Haakon Lie på s. 313–316 i Årbok for Norsk Skogbruksmuseum. Skogbruk, jakt og fiske. Nr. 14. 1993–1996. Digital versjon på Nasjonalbiblioteket, nb.no 


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 11.05.2018
Sist oppdatert: 11.10.2018