Hopp til innhold
Faksimile av framsida til viseboka Da ska' bli andre boller og andre viser (1975). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
Faksimile av framsida til viseboka Da ska' bli andre boller og andre viser (1975). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Josef G. Larssen

Josef Gornitzka Larssen var frå Rogaland og budde på Austlandet størstedelen av livet. Likevel vart han kjend som ein av dei store diktarane av viser frå kystmiljøet i Hordaland.

Josef G. Larssen var fødd 23. november 1918 i Stavanger og døydde 5. desember 2014, 96 år gamal. I oppveksten flytta han og familien til Skudeneshavn, og han budde òg i Danmark og på Jæren, før han i 1948 til slutt slo seg ned på Austlandet.

Larssen, som var utdanna agronom, byrja tidleg å skrive songtekstar, mellom anna til revyar. Frå 1958 til 1988 arbeidde han som vaktmeister ved Noregs landbrukshøgskule på Ås, og der var han i ei årrekkje ein viktig bidragsytar til studentrevyane.

Mange kjenner tekstane til Larssen frå plateinnspelingar med artistar som Salhuskvintetten, Kari og Ivar Medaas og Stanley Jacobsen. I samarbeid med komponisten Monrad Holm Johnsen laga Larssen populære viser som «I morgon, i morgon», «Ver glad i den nasen du har» og «Da ska' bli andre boller når papen kjem heim til jul». Larssen, som hadde ei søster på Lindås, kjende kystkulturen i Hordaland godt, noko som viser att i tekstane hans. I visene skildrar Larssen kvardagsliv, kjærleik og lagnader i eit vestlandsk kystlandskap, der sjøen, vêret og årstidene ofte spelar ei viktig rolle.

 

Kjelder

Knut Langeland: Minneord i gravferda til Josef G. Larssen

 

Henrik Christie: «Her tar Ås farvel med visekunstner Josef G. Larssen», Ås avis 12.12.2014

Josef G. Larssen: I morgon, i morgon, men ikkje i dag. Stavanger 2005

Stian Slaatten Skistad og Håkon Sandberg Johansen: Ås-studenter i 150 år, bd. 2. Ås 2014

 

Peikarar

Josef G. Larssen: Da ska' bli andre boller og andre viser. Oslo 1975. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Randi Bjørlo: «– Har betydd mykje for strilekulturen», nordhordland.no, publisert 21.12.2014

Rockipedia: «Josef G. Larssen», rockipedia.no

Stanley Jacobsen: «I morgon, i morgon» (1976), med tekst av Josef G. Larssen, youtube.com

Først publisert: 27.10.2020
Sist oppdatert: 27.10.2020