Hopp til innhold
X
Innhald

Merethe Lindstrøm

Merethe Lindstrøm, fødd 1963, er forfattar. Ho fekk Nordisk råds litteraturpris i 2012. 

Merethe Lindstrøm, fødd 1963, er forfattar og debuterte med novellesamlinga Sexorcisten og andre fortellinger i 1983, følgd av mellom andre Kannibal-leken (1990), Jeg kjenner dette huset (1999), Gjestene (2007) og Arkitekt (2013). Lindstrøm har skrive barneboka Mille og den magiske kringlen (1997), illustrert av Gro Hege Bergan, romanane Regnbarnas rike (1992), Steinsamlere (1996), Stedfortrederen (1997), Natthjem (2002), Ingenting om mørket (2003), Barnejegeren (2005) og Dager i stillhetens historie (2011). For den siste fekk ho Kritikarprisen i 2011 og Nordisk råds litteraturpris i 2012.

Lindstrøm har òg fått Doblougprisen (2008) og Amalie Skram-prisen (2012) for forfattarskapen.

Først publisert: 19.04.2016
Sist oppdatert: 23.01.2018