Hopp til innhold
X
Innhald

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen er ein norsk forfattar som skriv romanar, skodespel og dikt. Han har vore leiar av Den Norske Forfatterforening og hatt verv i mange litterære foreiningar.

Sigmund Løvåsen er fødd 16. august 1977 i Trysil og er busett i Svartskog i Oppegård kommune. Han var elev ved Trysil videregående skole, handel og kontor, i 1994–96. I åra 1999 til 2001 studerte han musikk storfag ved Høgskulen i Volda. Han tok Forfattarstudiet i Bø i 2001–02 og studerte Litterär gestaltning ved Göteborgs universitet i 2004–06.

Frå 2012 til 2017 var Løvåsen leiar i Den norske Forfatterforening (DnF). I den same perioden hadde han ei rad verv. Han var mellom anna styremedlem i NORLA, medlem av Kopinors representantskap, styremedlem i Foreningen !les og medlem av Bragerådet. I tillegg var han aktiv i Kunstnernettverket. I 2018 vart han oppnemnd til utvalet for statens kunstnarstipend. Gjennom føretaket Svartskog Landskapspleie driv han kulturlandskapsskjøtsel i Svartskog landskapsvernområde.

Løvåsen debuterte i 2003 med romanen Nyryddinga, ei forteljing om venskap og motgang, og om ti år gamle Geir. Han vil verte bonde som far sin, men livet på småbruket er ikkje lett når faren vert sjuk. Sidan debuten har Løvåsen skrive to romanar til, Brakk (2006) og Mamsell Iversen (2009). Han har òg skrive skodespela Daga (2004), Vente på fugl (2009) og Vid din sida (2011).

I 2018 kom den kritikarroste lyrikksamlinga Med øksene dei haustar inn. Gjennom kvardagslege observasjonar deler forfattaren på lågmælt vis av den store kunnskapen sin om moderne jord- og skogbruk og menneska sin plass i naturen.

I 2003 fekk Løvåsen både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttarane sin romanpris for Nyryddinga. Han fekk tildelt Sigmund Skard-stipendet i 2006 og Bjørnsonstipendet i 2010.

Kjelder

E‑post frå Sigmund Løvåsen 28.3.2019

Forfattarside hos Det Norske Samlaget, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/sigmund-lovasen [lesedato 12.3.2019]

Peikarar

Freddy Fjellheim: «Dikt for en ny tid», vl.no https://www.vl.no/kultur/anmeldelse/dikt-for-en-ny-tid-1.1211861
Anders Neraal: «Med øksene dei haustar inn», bok365.no https://bok365.no/artikkel/med-oksene-dei-haustar-inn/

Først publisert: 21.11.2019
Sist oppdatert: 21.11.2019