Sissel Lange-Nielsen
Sissel Lange-Nielsen er forfattar og kritikar.
Sissel Lange-Nielsen, fødd i 1931, er forfattar og kritikar. Frå psykologiserande samtidsromanar som debuten Såmannen i 1959, har ho utvikla ei interesse for religiøs mystikk med Isisfesten i 1969 og religiøse personlegdomar med Fangen på Patmos i 1971, til historiske romanar som trilogien Under fiskenes tegn (1978–82), seinare Rød engel (2001) og Vår frue av Kazans hjerte (2004) om å setje fortida inn i eit religiøst og menneskeleg perspektiv. Våren (1985), Laokoon (1987), Guds død (1989) og Kjærlighetshoffet (1991) er frittståande romanar i ein syklus om Medici-ætta. Lange-Nielsen skreiv vidare Enhjørningen og rosen i 1994, Tryllefløyten i 1995 og Den norske løve i 1996. Den sjølvbiografiske boka Et forfatterliv kom ut i 2006. Lange-Nielsen var i mange år litteraturkritikar i Aftenposten. I 1982 fekk ho Riksmålsforbundets litteraturpris.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 28.04.2016