Hopp til innhold
Portrett av Thure-Erik Lund, med løyve frå Aschehoug.
Portrett av Thure-Erik Lund, med løyve frå Aschehoug.
X
Innhald

Thure Erik Lund

Thure Erik Lund, fødd 1959, er forfattar. Han har vunne ei rekkje prisar, mellom anna Tarjei Vesaas' debutantpris, Kritikarprisen og Doblougprisen.

Thure Erik Lund, fødd 1959, er forfattar, og han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for romanen Tanger i 1992. Han har elles gitt ut fleire kritikarroste romanar, som Leiegården (1994), Zalep (1995), Inn (2006) og Straahlbox (2010). Sentralt i forfattarskapen står romansyklusen Grøftetildragelsesmysteriet (1999), Compromateria (2002), Elvestengfolket (2003) og Uranophilia (2005). Lund har gitt ut fleire essaysamlingar: Om naturen (2000), Forgreininger (2003), Språk og natur (2005) og Om de nye norske byene og andre essays (2006). Han fekk Sultprisen i 2000 og Kritikarprisen for Uranophilia i 2005. I 2009 fekk han både Doblougprisen og Aschehougprisen.

Først publisert: 19.04.2016
Sist oppdatert: 19.04.2016