Hopp til innhold
​Tom Lotherington. Foto med løyve frå Aschehoug.
​Tom Lotherington. Foto med løyve frå Aschehoug.
X
Innhald

Tom Lotherington

Tom Lotherington er forfattar og omsetjar

Tom Lotherington, fødd i 1950, er forfattar og omsetjar. Han har skrive fleire diktsamlingar som Hverdagsfantasier (1972), Det kan ikke fortsette slik (1975), Tilstander (1978), Vanegalleriet (1987) og Iakttagelser (1995), og romanane Den tredje tjeneren (1985), Kjødets gjerninger (1989) og Delt løsning (2009). Lotherington har òg skrive biografiane Wildenvey – et dikterliv (1993) og Med solen ytterst i nebbet – Harald Sverdrup (1988). Ikkje minst er Lotherington ein dyktig omsetjar, og han har omsett franskspråklege forfattarar som Jean Echenoz og Jonathan Littell. For omsetjinga av Littells De Velvillige, som kom på fransk i 2006 og på norsk i 2008, fekk han Bastianprisen 2008.

Lotherington var dagleg leiar i Norsk Forfattarsentrum i åra 2001–2005.

Først publisert: 10.05.2016
Sist oppdatert: 10.05.2016